Brudavolltunet
Brudavolltunet – Ørsta
Sommarprogram på Brudavolltunet
Mykje kjekt å lære og gjere for heile familien på Brudavolltunet i sommar!
Bli med på konsertar, grautasøndagar, olsokfeiring, slåttedugnad og mykje meir!
21 jun. – 16 aug. 2026
OPE HUS OG TUN KVAR ONSDAG 12-16
I tida 21. juni - 16. august
Rusle ein tur i det historiske tunet og lær meir om livet på Brudavollen.
Saman med inngangsbilletten får du eit flott hefte med historia til dei gamle husa, om kulturmarka og den vakre hagen.
Her blir du også betre kjend med Brudavollfolket, som - med unntak av ein kort periode, var den same slekta som budde på Brudavollen frå 1603 til 1963.
Ta gjerne med deg nistepakka, kvil beina og set deg ved den store, flotte steinhella. I heftet les du meir om korleis denne enorme hella hamna akkurat her…
Og om du er nysgjerrig på ein annan kjent ørsting, då tek du turen til Sivert Aarflot-museet!
Ope kvar torsdag kl. 12-16 i tida 21. juni – 16. august. Fellesbillett for Brudavolltunet og Sivert Aarflot-museet!
SOMMARPROGRAM PÅ BRUDAVOLLTUNET
Klikk på arrangementet og les meir!
Søndag 5. juli: Gratuasøndag og konsert i tunet
Søndag 12. juli: Grautasøndag - og konsert med Åsmund Farstad
Søndag 19.juli: Grautasøndag - og konsert med Jorun Marie Kvernberg
Søndag 26. juli: Grautasøndag - og konsert med Snaustrinda spelemannslag
Onsdag 29. juli: Olsok i tunet!
Mandag 10. august: Friluftsjazz og eventyr på Brudavolltunet

