Brudavolltunet

Portrett av en fiolinist som står utendørs foran grønne trær og blader. Personen har kort, lyst hår og holder en fiolin tett inntil seg. Hun ser inn i kamera med et vennlig smil.

BrudavolltunetØrsta

Grautasøndag - og konsert i tunet med Jorun Marie Kvernberg

Ørsta bygdemuseumslag inviterer til grautasøndag på Brudavolltunet. Søndag 20. juli kl. 14.00 høyrer du også vakre tonar i tunet!

19 jul., kl. 11:00 – 14:00

Jorun Marie Kvernberg (1979) har reist land og strand med feler, slåttar og songar i eit kvart århundre, med eit særleg hjarte for tradisjonen frå heimfylket, Møre og Romsdal. Sidan 2007 har Jorun Marie budd i Volda, og på Sunnmøre har ho funne mange nye musikalske favorittar som ho vil dele med publikum denne dagen.

Jorun Marie vaks opp i Fræna (no Hustadvika kommune) i ein familie med stor musikkinteresse. Her fekk ho opplæring i både klassisk musikk og folkemusikk, før ho valgte sistnemde som hovudretning i åra som musikkstudent ved Norges Musikkhøgskole i Oslo, og med fele og hardingfele som hovudinstrument. Her danna ho grupper som Majorstuen og Tindra, og har reist verda over med både gamal og ny folkemusikk i snippveska. For tida er ho aktiv i duo saman med Kristina Farstad Bjørdal, som solist og komponist med NyNorsk Messingkvintett og i den nordiske folkemusikk-kvartetten Purppuri.

Grautasøndag på Brudavolltunet er ein årviss tradisjon!

Ørsta bygdemuseumslag ønskjer både fastbuande og tilreisande velkomen til å nyte smakfull rjomegraut i vakre, historiske omgjevnader.

Dato: Søndag 19 juli kl. 13.00 - 16.00

Konsert med Jorun Marie Kvernberg kl. 14.00

Stad: Brudavolltunet

Arrangør: Ørsta bygdemuseumslag & Viti

Inngang: Gratis

Tilgjengelegheit: Universell tilkomst.

Foto: Kristin Støylen