Brudavolltunet

Nina Byttingsmyr som spiller hardingfele i naturen.

BrudavolltunetØrsta

Grautasøndag - og konsert i tunet!

Ørsta bygdemuseumslag inviterer til grautasøndag på Brudavolltunet. Søndag 5. juli kl. 14.00 høyrer du også vakre tonar i tunet!

5 jul., kl. 12:00 – 14:00

Nina Byttingsmyr speler fele og hardingfele og kjem frå Froland i Aust-Agder. Til dagleg arbeidar ho som Kulturskolelærer i fleire kommunar og er musikalsk leiar i Sørlandet Spelemannslag. Ho speler i folkemusikkgruppa Trio Tragder og i country/folk-bandet Bootlegs.

Med bakgrunn frå Folkemusikkstudiet på Rauland og ei studietid i Volda, samt mykje ulike kurs og festivalar rundt om i Noreg har ho opparbeida seg eit breitt repertoar av ulike slåttar. Særleg nære hjartet ligg Agder-tradisjonene som spenner seg frå riler og runddanser på flatfele til springarar og gangarar på hardingfele.

Ho har òg gjort seg kjend som slåttediktar òg kanskje byr ho på nokre av sine egne originalar på konserten. Publikum får høyre taktfast og friskt spel med fengjande flotte melodiar.

Grautasøndag på Brudavolltunet er ein årviss tradisjon!

Ørsta bygdemuseumslag ønskjer både fastbuande og tilreisande velkomen til å nyte smakfull rjomegraut i vakre, historiske omgjevnader.

Dato: søndag 5. juli kl. 14.00

Stad: Brudavolltunet

Inngang: Gratis