Stiftinga Viti er den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim, med 63 tilsette.
Viti driftar og forvaltar
Viti er ein del av Kystverkmusea og The Réseau Art Nouveau Network.
Viti er regionmuseet for Sunnmøre og forvaltar kulturhistorie, kunst og ikkje-materiell kulturarv på vegner av samfunnet.
Vi har aktivitetar i alle kommunane på Sunnmøre, gjennom arrangement, digitale opplevingar, drift av arenaer, turnear, innsamling, dokumentasjon og bevaring, formidling, forvaltning og forsking. Du kan lese meir om samlingane våre under arenaer.
Viti skal vere ein møtestad for kunnskap og opplevingar. Grunnlaget for kunnskap og opplevingar ligg i samlingane våre. Vi forvaltar store gjenstandssamlingar og kunstsamlingar, kulturhistoriske bygningar og båtar.
Viti har også store arkiv, mellom anna fleire millionar foto. Musea er underlagde demokratisk kontroll og får tildelt oppgåver etter offentleg mandat.
Vi har offentleg finansiering gjennom tildelingar frå kulturdepartementet, samferdselsdepartementet, Møre og Romsdal fylkeskommune og kommunane vi har samarbeidsavtale med. I tillegg har Viti eigeninntekter frå sal og prosjektinntekter gjennom samarbeid med andre.
Viti har lokale, regionale, nasjonale og internasjonale oppgåver. Vi er ein del av Kystverkmusea og er nasjonalt kompetansesenter for jugendstil.
Styret i Viti er det høgaste organet i organisasjonen. Viti er leidd av eit profesjonelt, kompetansesamansett styre.
Styret sine oppgåver er fastsette i vedtektene. Styret leier stiftinga si verksemd i samsvar med vedtekter, lover, avtalar og føringar frå offentlege styresmakter.
Styret vedtek budsjett og godkjenner årsmelding og revidert rekneskap. Administrerande direktør er sekretær for styret. Styret har armlengds avstand til den daglege drifta.
Framlegg til styremedlemmer kjem frå valkomiteen, og det er årsmøtet som vel styret. Styret har òg representantar frå dei tilsette, som er valde av dei tilsette.
Styret for Viti:
Viti er leidd av ein administrerande direktør, som har det faglege og administrative ansvaret for organisasjonen. I tllegg har Viti tre fagdirektørar og ein administrasjonssjef. Dei fem utgjer leiargruppa i Viti.
Viti er ein desentralisert organisasjon, med tilsette i fleire kontorfellesskap: i Volda, i Sykkylven, ved Jugendstilsenteret og KUBE i Ålesund sentrum og ved Sunnmøre museum i Borgundgavlen, Ålesund.
Viti har ansvaret for to fellesfunksjonar for musea i Møre og Romsdal og har fagtilsette som arbeider med desse fellesoppgåvene:
Folkemusikk, ved Anna Gjendem
Formidling, ved Ingvil Naalsund
Viti er òg ein del av Kystverkmusea, som er eit nettverksmuseum for Kystverket, samansett av fem ulike og frittståande museum.
Viti er ein kunnskapsorganisasjon med høgt kompetente medarbeidarar. Hos oss finn du arkeologar, historikarar, kunstkuratorar, formidlarar, tilsette med spisskompetanse på folkedans og folkemusikk, møbelindustri og møbeldesign, naturen vår, landbruk, skriftkultur, tekstil og bunader, båtbyggjartradisjonar, fyr- og lostenesta, fiskeri, byhistorie, pedagogar med undervisningskompetanse, handverkarar, kommunikasjonsrådgivarar, personalleiing, økonomi og mykje meir. Viti samarbeider med fleire utdanningsinstitusjonar
Viti er ei allmenn stifting, og vedtektene er det viktigaste grunnlagsdokumentet vårt.
Strategiplanen er ein operasjonell plan over dei viktigaste satsingsområda for kulturinstitusjonen Viti i 2022–2026.
Viti har ein plan for forsking og kunnskapsproduksjon som gjeld til 2026. Målet er at forsking skal ligge til grunn for all formidling, forvaltning og samlingsutvikling i Viti. Vi skal prioritere forsking på samlingane og satsingsområde våre.
Oppgåvene til årsmøtet er fastsette i vedtektene. Årsmøtet vel styreleiar og medlemmer av styret etter innstilling frå valkomiteen. Årsmøtet skal uttale seg om styret si årsmelding og den reviderte rekneskapen for siste kalenderår. Årsmøtet kan òg uttale seg om andre saker som styret legg fram for årsmøtet. Årsmøtet vel valkomité og revisor, fastset godtgjersle til styret, styreleiaren og delegatar til årsmøtet.
Årsmeldinga kan du lese her:
Museumsvesenet på Sunnmøre har lange og sterke tradisjonar. Sunnmøre museum er det eldste museet i regionmuseet og fylte nitti år i 2021. Viti er i dag eit moderne, konsolidert regionmuseum, med ein organisasjon og ei fagleg leiing. I 2019 gjekk Folkemusikkarkivet, Stiftinga Sunnmøre museum og Stiftinga Kunstkvartalet (Jugendstilsenteret og KUBE) saman og danna stiftinga Musea på Sunnmøre. Musea fekk då nytt styre, og Audhild Gregoriusdotter Rotevatn vart i 2020 tilsett som den første direktøren i den nye museumsstiftinga. I 2021 vart trinn to i konsolideringa fullført, då gjekk Anders Svor-museet i Hornindal i Volda inn i regionmuseet. Sommaren 2021 tok stiftinga namnet Viti.
Viti driv verksemd i alle kommunane, i og utanfor arenaene. Vi har fysiske arenaer ulike stader på Sunnmøre, til saman 10 arenaer. Du kan lese meir om kvar enkelt arena under "musea våre".
Viti har ein flott kafé på Sunnmøre museum og fleire museumsbutikkar, med spennande og eksklusive varer i alle prisklasser.
Viti tek kvart år imot rause donasjonar frå andre, inkludert privatpersonar, både pengegåver og gjenstandar. Dette er viktige tilskot til musea for å ta vare på kulturarv og kunst for framtida. Som profesjonell kulturinstitusjon er Viti forplikta til å forvalte gjenstandane etter internasjonale standardar. Ved tilbod om donasjon vert det først gjort ei fagleg vurdering av kvar enkelt gjenstand, sett opp mot eksisterande samling og innsamlingsplanen vår. Oversikt over donerte gjenstandar finn du i årsmeldingane.
Viti har fleire temperaturregulerte og brannsikre gjenstandsmagasin. Magasinplass kan i visse tilfelle leigast ut til andre museum utanfor regionmuseet, offentlege eller private verksemder eller privatpersonar, etter nærmare avtale og faste prisar.
For tida har vi ikkje magasinkapasitet å leige ut.
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
Adm. og leiing: Administrerande direktør
+47 908 43 977 / audhild@vitimusea.no