Sunnmøre museum

To vinterkledde menn står i pels og yttertøy fra tidlig 1900-tallet.
Kvinne iført hvit og svart pelsjakke står foran blomstrende busker.  Annonseplakat med teksten «Saga Furs».
Tre personer står foran et nettinggjerde og holder hver sin ilder eller røyskatt i armene.
Besøkande ser på historiske fotografi og gjenstandar i museumsutstillinga.
Besøkande ser på ei museumsutstilling om politikk og protestar mot pelsdyrnæringa.
Besøkande fotograferer historiske pelsplagg i museumsutstillinga.
Barn utforskar ei interaktiv museumsutstilling med lommelykt.
Besøkande utforskar ei museumsutstilling om pelsdyr og pelsnæring.
Besøkande kjenner på pels i museumsutstillinga.
Besøkande ser på ei utstilling med pelsdyr i bur.
Person ser på historiske fotografi og gjenstandar i ei museumsutstilling.
Historiske pelsplagg utstilte saman med film og lydformidling.
Besøkande utforskar ei museumsutstilling med historiske klede, bilete og digitale formidling.

Sunnmøre museumÅlesund

PELSTID

Kva skjer med kulturarven når det kjem eit nasjonalt forbod mot næringa?

Utstillinga Pelstid fortel om norsk pelsdyravl si omlag 100 år lange historie - ei næring fylt av kontrastar!

3 jun. 2026 – 3 jun. 2028

I 2025 vart pelsdyrnæringa avvikla i Noreg etter ein lang prosess. Det betyr ikkje at spora etter næringa er borte.

Spora finn vi her på Sunnmøre i landskapet, hos menneska som jobba i næringa, i klesskapet, på bilete og i arkiv.

Utstillinga Pelstid handlar om norsk pelsdyravl si omlag 100 år lange historie, med utgangspunkt i lokale forhold her på Sunnmøre.

Samstundes vender vi blikket mot internasjonale motar - og mot Canada, der moderne pelsdyrhald starta.

Eit skiftande internasjonalt motebilde og syn på dyrehald påverka pelsdyr og bønder i heile Noreg. Korleis påverka eit motebilde i endring pelsdyrhald og bønder?

Utstillinga ønskjer å belyse korleis næringa starta, kvar pelsdyrbøndene henta kunnskap og lærdom frå og korleis dei omsette denne til lokale tilhøve.

Vi ser på korleis pelsdyrnæringa har bidrege til lokal og regional verdiskaping.

Les også

Pelsdyrnæringa på Sunnmøre

Statskonsulent og pelsdyforkjempar

Pelsdyrnæringa på museum?

Opningstider

  • Oktober - april

  • Tysdag - søndag

    11-16

  • Mai - september

  • Måndag - søndag

    10-17

  • Stengt:

  • 1. jan, 1. mai, 17. mai, 23. - 26. des, 31. des.

  • Kontakt:

  • Sentralbord (mån-fre)

    70 23 90 00

  • E-post

    post@vitimusea.no

Prisar

  • Vaksen

    kr 120

  • Gruppe vaksne (min 15 pers.)

    kr 100

  • Student

    kr 100

  • Barn (opp til 18 år)

    Gratis

  • Skulebesøk pr elev

    kr 30

  • * Eigne prisar på arrangement

Tilgjengelegheit:
Det er trappefri tilkomst til utstillinga.


Nasjonalt forskingsprosjekt
Utstillinga er fagleg forankra i eit nasjonalt forskingsprosjekt om pelsdyrnæringa, der Viti samarbeider med Jærmuseet, Musea i Sogn og Fjordane, Museene Arven, Romsdalsmuseet, Vest-Telemark Museum, Nordmørsmusea og Buskerudmuseene.

Foto: Viti / Viti sine samlinger