English

Lukk

Aktuelt

Arrangement

Frivilligheit

Formidling

Heim

Kontakt

Kunnskap

Musea våre

Samarbeid

Utleige

Utstillingar

Kva ser du etter?

Om oss

Musea

Arrangement

Utstillingar

Formidling

Lukk

Kunnskap

 Pelsdyrnæringa på Sunnmøre

Ei revetispe frå boka av Geo Halle (1930) «Pelsdyravlen med tilknyttede næringer»

Frå 2025 er det forbode å halde dyr i bur for produksjon av pels. Med denne lovreguleringa er pelsdyrnæringa si 110 år lange historie på Sunnmøre over.

I 1912 etablerte Mons Kleven og Jørgen Heggen den første pelsdyrgarden på Sunnmøre, med eit par raudrev dei hadde fanga i nærleiken.

Nokre år seinare kjøpte dei eit sølvrevpar for heile 12 000 kr, ei stor investering i dåtidas kroneverdi. I 1916 kjøpte Olav Erdal og T. Berset eit sølvrevpar av dei.

I løpet av dei neste tiåra vart det etablert mange pelsdyrgardar på Sunnmøre. Pelsdyrtellinga frå 1934 viser at det var 9842 pelsdyrgardar i Noreg.

Heile 1232 pelsdyrgardar av desse var på Sunnmøre med til saman 23618 rev, dei aller fleste av desse var sølvrev.

Dette kartet i boka «Pelsdyravlen med tilknyttede næringer» viser at pelsdyrgardane var spreidde over heile Sunnmøre. Dei vart drivne både som andelslag og i tilknyting til tradisjonelle gardsbruk.

Andelslag
I andelslaga deltok både bønder og lokale kjøpmenn og investorar. Dyra var kostbare innkjøp, slik at investorane hadde ei avgjerande rolle for å finansiere etableringa og innkjøpa av avlsdyr.

Men for å få til ei god drift, der tispene fekk kvalpar som vaks opp og hadde god skinnkvalitet, var det avgjerande at den som hadde ansvar for dagleg drift hadde røynsle om dyrehald. Slik var samarbeidet mellom bønder og investorar fruktbart for den tidlege etableringa i regionen.

Bøndene utvikla sin kunnskap om pelsdyrhald med utgangspunkt i eksisterande gardsdrift, arbeid på andre pelsdyrgardar i Noreg og gjennom erfaringane dei gjorde seg i drifta.

Annonser i Sunnmørsposten 1928


Kunnskap og avlsdyr frå Canada

Den moderne pelsdyrnæringa starta i Canada. Herifrå henta norske bønder og fagmiljøet både kunnskap og også avlsdyr.

Pelsdyrhaldarar frå Sunnmøre og Nordfjord oppmoda i 1925 Landbruksdepartementet om å etablere reguleringar for dyreavlen og inspeksjonsordningar for å hindre at useriøse aktørar etablerte seg og at det vart ført tilsyn med gardane og drifta.

Pelsdyroppdrettarar frå Sunnmøre (1985). Foto: Sunnmørspostenarkivet / Viti.

Tilbakegong
Dei siste tiåra før avviklinga har det vore ein betydeleg tilbakegong i talet på pelsdyrgardar, samstundes som talet dyr på gardane har auka.

Årsakene til dette er samansette, men er ein konsekvens av nedlegginga av gardsbruk, folketalsnedgong på bygdene, auka fokus på dyrevelferdsmessige sider ved pelsdyrhaldog eit endra motebilde både nasjonalt og internasjonalt.

Les også artiklane Pelsdyrnæringa på museum? og Statskonsulent og pelsdyrforkjempar