
Vi søker: Publikumsvert på Brudavolltunet og Sivert Aarflot-museet
Vi søker ein publikumsvert som tek imot publikum, sel billettar, formidlar og ordnar aktivitetar i hus og utstillingar. Noko hagearbeid følgjer med.
Periode: Onsdagar og torsdagar i vekene 25 – 33
Som tilsett i førstelinja ser vi etter deg som:
- Er positiv, omgjengeleg og serviceinnstilt.
- Har interesse og /eller fagbakgrunn innan museum og historie
- Har gode formidlingsevner, på norsk og engelsk
- Er sjølvstendig, strukturert og ryddig
- Har evne til å handtere varierte arbeidsoppgåver og utfordringar
Vi tilbyr:
- Vi tilbyr ein spennande og varierande arbeidsdag i eit godt arbeidsmiljø.
- Løn etter tariff og kvalifikasjonar. Aktuell plassering for publikumsvert i stillingskode 1078 betjent frå 374 000,- til 418 500.-
- Alle tilsette i Viti får medlemsskap i KLP.
Søknadsfrist: 26. april. Ver vennleg å spesifiser kva stilling du søker på.
Vitnemål og attestar skal leggast ved i søknaden.
Send søknad til post@vitimusea.no


Sivert Aarflot-museet, Volda
Sivert Aarflot var bondesonen med 22 dagars skulegang som vart ein av dei fremste folkeopplysarane på Nordvestlandet.

Ingvil Eilertsen Grimstad
Avdelingsdirektør kulturhistorie, konservator NMF
917 69 356 / ingvil@vitimusea.no

