Vi søker: Formidlar / museumspedagog 100% stilling, sesongengasjement

Viti søker ein formidlar som blir del av formidlingsteamet ved dei kulturhistoriske musea i Ålesund; Sunnmøre museum, Middelaldermuseet og Fiskerimuseet.

Formidlaren får særleg ansvar for å førebu, leie og gjennomføre sommarformidlinga ved musea. Les meir om sommarformidlinga her.

Periode: 1. mai til og med 30. september.

Vi oppfordrar deg som har master i relevante kulturfag til å søke, og vi vil prioritere søkjarar som kan jobbe heile den utlyste perioden.


Som tilsett i førstelinja ser vi etter deg som:

  • Er positiv, omgjengeleg og serviceinnstilt.
  • Har interesse og /eller fagbakgrunn innan museum og historie
  • Har gode formidlingsevner, på norsk og engelsk
  • Er sjølvstendig, strukturert og ryddig
  • Har evne til å handtere varierte arbeidsoppgåver og utfordringar

Vi tilbyr:

  • Vi tilbyr ein spennande og varierande arbeidsdag i eit godt arbeidsmiljø.
  • Løn etter tariff og kvalifikasjonar. Aktuell plassering er enten 1408 førstekonsulent eller 1434 rådgjevar med lønn fra 466 600,- til 532 200,-
  • Alle tilsette i Viti får medlemsskap i KLP.

Arbeidstid varierer og blir sett inn i ein turnus som også kan vere helg.

Søknadsfrist:
26. april. Ver vennleg å spesifiser kva stilling du søker på.

Vitnemål og attestar skal leggast ved i søknaden. Vi krev vandelsattest til formidlarstillingane.


Send søknad til post@vitimusea.no




Sunnmøre museum

Sunnmøre museum, Ålesund

Sunnmøre museum fortel om levemåtar på Sunnmøre til ulike tider gjennom utstillingar, i friluftsmuseet og i båthallane.

Middelaldermuseet

Middelaldermuseet, Ålesund

Middelaldermuseet fortel historia om byen Borgund. Sjå restar av mellomalderbyen og arkeologiske funn både ute og inne. Museet ligg vakkert til ved Borgundfjorden.

Fiskerimuseet

Fiskerimuseet, Ålesund

Fiskerimuseet fortel historia om framveksten av det moderne fiskeriet og korleis det forma byen Ålesund og omlandet.

Ingvil Eilertsen Grimstad

Ingvil Eilertsen Grimstad

Avdelingsdirektør kulturhistorie, konservator NMF

917 69 356 / ingvil@vitimusea.no