Brudavolltunet
Brudavolltunet – Ørsta
Sunnmøre – i boks» på Brudavolltunet i sommar
Sunnmøre – med ville høgfjell, djupe fjordarmar, blankskura svaberg og rike fiskefelt.
Her har folk og kulturar møtt kvarandre i mange tusen år. Overalt er det spor etter menneska som var her før oss. Kven var dei?
24 jun. – 16 aug. 2026
Nokon av desse spora finn du i «Sunnmøre – i boks», ei fysisk og digital utstilling. Du kan ta på sverd, ravsmykke og rosesaum - sjå filmar - eller zoome inn, som eit mikroskop, på særs skarpe digitale gjenstandar.
Kanskje finn du mønster i dei små små blada på brudekrona? Eller troll og drakar på Kinsarvik-stolen? Og dyret i brosja – er det ein hest, ein drake eller noko heilt anna?
Opningstider
Ope etter avtale. Kontakt
tlf. 70 23 90 00
Prisar
Vaksen
kr. 80
Gruppe vaksne (min. 10 pers.)
kr. 60
Barn (opp til 18 år)
Gratis
Student
kr. 60
Fellesbillett til Sivert Aarflot-museet
kr 80
Eigne prisar på arrangement
Dato: 24.06 - 16.08
Stad: Brudavolltunet



