Naturmuseet

NaturmuseetSykkylven

Nordisk natur

«Nordisk natur» var tittelen på kunst- og handverkoppgåva som elevane i 10. klasse ved Sykkylven ungdomsskule fekk hausten 2025.

Resultatet er ei utstilling med over 80 linotrykk.

9 jun. – 16 des. 2026

I arbeidet med prosjektet har elevane utforska både motiv og teknikk innan linosnitt.

Naturmuseet har vore ei viktig inspirasjonskjelde, og elevane har arbeidd med både svart sverte og fleire fargar. Dette har resultert i stor variasjon i dei ferdige trykka.

Utstillinga viser korleis elevane har arbeidd kreativt med naturen som tema, og gir eit innblikk i både prosessen og resultata frå prosjektet.

Tekstilkunstnar Marit Akslen har stått for montering av utstillinga. Ho var imponert over kvaliteten og mangfaldet i elevane sine uttrykk.

Utstillingsopning. B.f.v: Emiljia Capskaite, Emma Melseth, Deborah Furstrand Vemøy, Lilian John, Hilde Bjørnevik, Benedikte Tandstad, Emma Sørdalen og Noralf Masdal. F.f.v: Magnhild Vatne, Marit Akslen og Kari Henriksen. Foto: Viti

Tid:
Utstillinga står fram til og med 16. desember 2026

Tilgjengelegheit:
Trappefri tilkomst

Foto: Viti