








Jugendstilsenteret og KUBE – Ålesund
I denne utstillinga møter du ein av Noregs fremste kunstnarar, Marianne Heske og hennar kunstverk, Prosjekt Gjerdeløa, 1980-1981/2010.
Marianne Heske, The Gjerdeløa Project, 1980-1981/2010. © Marianne Heske/BONO. Photo: Kristin Støylen/ Viti.
Tenk deg at du er på fjellgarden Øyen i Tafjord, 500 meter over havet. Høgt der oppe i det storslåtte landskapet står ei lafta utløe frå 1630. Veggene ber spor av hundreåra gjennom ristningar i tømmeret som syner namn, initialar, figurar og datoar. Tenk deg så til det verdskjende Pompidou-senteret i Paris, to veker seinare. Utstillingslokala myldrar av folk, og der – midt imellom dei – står no den same løa som eit kunstverk.
Korleis skjedde dette? Svaret finn du i denne utstillinga med ein av Noregs fremste kunstnarar, Marianne Heske. Gjennom dokumentasjonsbilete frå gjennomføringa av kunstverket Gjerdeløa frå 1980–81 tek ho oss med på ei reise mellom naturen og kunsten.
Les mer om Prosjekt Gjerdeløa her.
Marianne Heske (f. 1946, Ålesund) bur i Oslo og har utdanninga si frå Bergen Kunsthåndverkskole (1967–71), École Nationale Superieure des Beaux-Arts i Paris (1971–75), Royal College of Art i London (1975–76) og Jan van Eyck Academie i Maastricht (1976–79).
Mai-september
Mandag - søndag
10-17
Vaksen
kr 120
Gruppe vaksne (min. 15 pers.)
kr 100
Barn (opp til 18 år)
Gratis
Barn under 15 år må ha følge av ein vaksen
Student
kr 100
Billetten inkl. inngang på Fiskerimuseet laurdag - søndag