Møbelmuseet
Møbelmuseet – Sykkylven
Frå stein til sittemaskinar
Fast utstilling
Sommaren 2026 vart det opna ei ny utstilling ved Møbelmuseet i Sykkylven. Utstillinga har fått namnet frå «Stein til sittemaskinar» og gjennom denne ønskjer vi å vise ulike måtar menneska har løyst utfordringa med å finne støtte for kroppen under arbeid og kvile. Vi dreg linjene heilt tilbake til dei første primitive sitteunderlaga våre forfedre fann i naturen, til dagens avanserte sittereiskap tilpassa menneske med ulike behov og funksjonsnivå.
Utstillinga er delt inn i ulike temafelt, der vi ser på forskjellige sider av sittehistoria. Nokre møblar er spesiallaga for arbeidssituasjonar, andre er laga for menneske på farten, andre kan vi kvile i, atter andre skal førebyggje helseplager og vere ekstra gode for kroppen – såkalla ergonomiske møblar.
På utstillinga vert du invitert til å prøve ut dei ulike sittereiskapane. Truleg vil du finne ein stol som passar spesielt godt for din kropp. Ein del av utstillinga er spesielt retta mot born. Bli med på leiken med borna på golvet
Opningstider
Januar - desember
Onsdag
12 - 16
Elles etter avtale
tlf. 70 23 90 00
Sommar på museet
21. juni - 16. august
Onsdag - fredag
12 - 16
Søndag
12 - 16
Stengt:
1. jan, 1. april, 1. mai, 17. mai, 23.-26. des, 31. des
Prisar
Billett inkl. inngang på Naturmuseet
Vaksen
kr 80
Gruppe vaksne (min. 10 pers.)
kr 60
Barn (0-18 år)
Gratis
Student
kr 60
Eigne prisar på arrangement
