Storeggen av Aalesund

Utleige Storeggen

På kurs eller konferanse i Ålesund – og ønskje om eit lite avbrekk? Besøk av venegjengen «langvegsfrå» eller berre lyst til å ta ein tur med familien? Vi ligg klar ved kai på Molja, midt i Ålesund og tek turen utover fjorden. Alt frå ein liten time til utover ettermiddag og kveld.

Kva kjennes vel betre enn når vinden ruskar og stortorsken nappar? For mange er turen med Storeggen som eit lite eventyr - ei ramsalt oppleving, med vind og bølgjer eller ein solrik ettermiddag på blikkstille hav.

Vi skreddarsyr også andre kulturopplevingar - alt frå historia om bankskøyteeventyret til den sunnmørske klippfiskhistoria eller omvising på Fiskerimuseet.

Ta kontakt for pris og dato:

Bestilling privat og bedrift

Ønskjer du å bestille lokale, båttur eller omvising? Send ein e-post til:

bookingsm@vitimusea.no