Skodespelar og ålesundar Karl Eilert Wiik (1917-1964)

Karl Eilert Wiik (1917-1964) var eit kjent andlet i Ålesund, og aktiv på revyscena i 1930-åra. Han flytta til Oslo for å bli skodespelar, og debuterte i filmen Englandsfarere (1946).
I filmen Englandsfarere spela han ein brutal, tysk kommandant i fangeleiren på Grini.
Wiik var aktiv i teaterlivet i hovudstaden og var med på å utvikle Riksteateret. Han vart hylla for sine kreative og administrative eigenskapar.
Wiik døydde brått som 47-åring i 1964, aktiv i Riksteateret til det siste.