Museumssommar i Sykkylven
Èin billett - to museum!
Mykje spennande å sjå og lære både om møblar og natur!
Bli med på kjekke og engasjerande aktivitetar både for små og store. Jakt på bokstavane, lag ein møbelspå, ei fantasi-gople eller rusle rundt med låge skuldrar.
Utvida opningstid 22. juni - 17. august!
Onsdag-fredag og søndag kl. 12-16
KJEKKE OG ENGASJERANDE AKTIVITETAR
Naturmuseet
- Bokstavjakt! Leit deg fram til bokstavane i utstillinga - finn løysingsordet
- Lag ei fantasi-gople! Av treplate og med garn som tentaklar, tryllar du fram ein flott manet – også kjent som gople
Møbelmuseet
- Finn møbelet! Du får eit bilde-hint av oss…
- Konkurrer med ein venn - sett saman ein pinnestol så fort du kan
- Teikn din draumesofa. Skriv namn på teikninga. Fagkyndig jury (møbelvenner) vurderer forslaga, og beste teikning får premie
- Fargelegg sofaer som finst i sofautstillinga
- Bygg ein sofa med puter
- Lag ein møbelspå!
FORDJUP DEG I SPANANDE UTSTILLINGAR
Naturmuseet
I basisutstillinga «Mosaikk» og temautstillinga «Isen smeltar» kan du fordjupe deg i dyreliv, geologi og naturens mangfald!
Møbelmuseet
Basisutstillinga «Ver så god sitt» og temporærutstillinga «Sofaen si historie» gir deg innblikk i design, handverk og den meir enn hundre år lange historia til norsk møbelindustri – med både klassiske skattar og moderne innovasjonar.
Ekstra! Søndagane i juli på Møbelmuseet:
«Med ein møbelvenn i utstillinga»
-omvising og forteljing i møbelutstillinga!




