Kva skjer på Jugendstilsenteret og KUBE i 2023?

Vi inviterer til 20-års jubileum, styrka rettleiingsteneste, kunnskapslab, utstilling med Per Inge Bjørlo og mykje meir!

Per Inge Bjørlo, Blomar til mor, 2017 © Per Inge Bjørlo / BONO. Foto: Markus Li Stensrud
Per Inge Bjørlo, Blomar til mor, 2017 © Per Inge Bjørlo / BONO. Foto: Markus Li Stensrud

Det er ei stor glede å kunngjere at hausten i KUBE vert via ei større separatutstilling med Per Inge Bjørlo (f. 1952). Utstillinga inneheld både eldre og heilt nye verk av ein av Noregs mest anerkjende kunstnarar.

I juni 2023 er det 20 år sidan Jugendstilsenteret opna dørene for første gong. Eit av måla var å auke kunnskapen om og interessa for stilen som har sett sitt tydelege preg på gjenreisingsarkitekturen i Ålesund. Målsettinga er framleis å spreie og utvikle kunnskap om internasjonal og norsk jugendstil gjennom utstillingar, arrangement, forsking og rettleiing.

Vi skal feire 20-års jubileet med ei utstilling om jugendstil som skal visast i KUBE frå mai til september. Kurator Heidi Bjørgan er invitert til å ta utgangspunkt i vår eiga samling jugendstilobjekt, og i tillegg vert det lånt gjenstandar frå Nordenfjeldske kunstindustrimuseum i Trondheim si samling. Som kurator er Bjørgan kjent for å skape stemningsfulle utstillingar som ofte tek overraskande vendingar. Gjennom iscenesetting av objekta ved hjelp av utstillingsarkitektur, lyd og levande bilete, inviterar ho publikum inn i ein total installasjon.

I år lanserar vi også ein digital rettleiar for jugendstilarkitektur. Denne rettleiaren er særleg meint for huseigarar og andre som arbeidar med istandsetting og tilbakeføring av bygningar i jugendstil. I kjellaren på Jugendstilsenteret opnar vi i vår eit areal vi skal bruke som ein kunnskapslab. Laben skal vere ein stad for kunnskapsdeling, formidling og forsking, med fokus på bygningsvern, handverk og arkitektur. Vi håpar og trur desse tiltaka svarar på eit behov – både lokalt og nasjonalt.

Jugendstilsenteret, fasade. Foto: Kristin Støylen
Jugendstilsenteret, fasade. Foto: Kristin Støylen

Også i år tek vi i mot Vestlandsutstillinga, som denne gongen er kuratert av kunstnar- en Heidi Rødstøl. I løpet av året viser vi også fram eit av dei seinaste innkjøpa til samlinga, nemlig fotoserien Prosjekt Gjerdeløa (1980/2010), som skildrar eit konseptuelt verk av Marianne Heske kor ho flytta ei gammal middelaldarløe frå Tafjorden i Møre og Romsdal til Centre Pompidou i Paris, Frankrike i 1980.

Frå 2022 fortsett dei to utstillingane Brit Dyrnes. Lyden av leire (til 9.april) og Dyrebare tilskudd (til 29.januar).

Vi held fram med faste tilbod om alderstilpassa skuleformidling, opne omvisningar, foredrag og byvandringar også i 2023, og kjem med fleire tilbod til publikum gjennom året. Følg med – og hjarteleg velkomne til eit innhaldsrikt 2023 på Jugendstilsenteret og KUBE!

Benedikte Holen

Fagdirektør kunst, VITI

Benedikte Holen

Benedikte Holen

Avdelingsdirektør kunst og design

976 81 666 / benedikte@vitimusea.no

Utstillingar ved Jugendstilsenteret og KUBE 2023

Dyrebare tilskudd

  • til 29. januar, Jugendstilsenteret

Brit Dyrnes. Lyden av leire

  • til 9. april, KUBE.

Vestlandsutstillingen 2023

  • 16. februar-19. mars, Jugendstilsenteret

Marianne Heske. Fotoserien Prosjekt Gjerdeløa

  • TBA, Jugendstilsenteret

Jubileumsutstilling

  • 11. mai-17. september, KUBE

Per Inge Bjørlo

  • 19. oktober-3.mars 2024, KUBE
Jugendstilsenteret og KUBE

Jugendstilsenteret og KUBE, Ålesund

Jugendstilsenteret og KUBE er eit kunstmuseum som ligg i hjartet av Ålesund sentrum.