Kunnskap

Viti sitt historiske landslag frå Sunnmøre

Illustrasjon av eit fotballag med elleve historiske sunnmøringar i norske landslagsdrakter stilte opp på ein fotballbane.

Vi heiar fram landslaget i VM 2026 med vårt eige historiske draumelag frå Sunnmøre!

Spelarane er henta frå kunst, kultur og næringsliv – profilar som har sett varige spor i historia. Laget spelar i 4-4-2-formasjon.

Heia Noreg – og heia Sunnmøre!

MÅLVAKT

Fotballkort med portrett av Anders Svor i norsk landslagsdrakt og teksten «Trygt handtlag med ballen. Svært god koordinasjon og spenst. Stor rekkevidde og solid i feltarbeidet"».

Anders Svor (1864-1929), Hornindal.
Trygt handtlag med ballen. Svært god koordinasjon og spenst. Stor rekkevidde og solid i feltarbeidet.

Biografi: Treskjerar og bilethoggar med opphald i Paris. Hardtarbeidande, solid og med stor arbeidskapasitet. Svor laga skupturar av gips og bronse. Skulpturen “David” vart utstilt i Berlin.

Verka til Svor finn du fleire stader i Noreg, og Viti har eige museum over liv og verk i Hornindal.

FORSVAR

Fotballkort med portrett av Joachim Rønneberg i norsk landslagsdrakt og teksten «Svært god taktisk forståing, uthaldenheit og mentalt tilstadevering. Ofrar alt! Alt for Noreg"».

Joachim Rønneberg (1919-2018), Ålesund.
Svært god taktisk forståing, uthaldenheit og mental tilstadevering. Ofrar alt! Alt for Noreg.

Biografi: Motstandsmann, journalist og forfattar. Joachim Rønneberg var offiser i motstandsgruppa Kompani Linge under andre verdskrig. Han var leiar for sabotasjegruppa Gunnerside og deltok i Tungtvannsaksjonen på Rjukan. Han låg ein vinter i dekning i Tafjordfjella før han og resten av kompaniet sprengde Stugguflåten bru i Romsdal.

Etter krigen arbeidde Rønneberg i NRK og var sterkt engasjert i ÅlesundSunnmøre Turistforeining. Han var ei kjend radiorøyst og var redaksjonssjef i NRK i Ålesund. Han er ein av Noregs mest dekorerte og har motteke mellom anna Krigskorset med sverd, Forsvarets heiderkross (saman med Ragnar Ulstein) og ei rekkje internasjonale utmerkingar.


Fotballkort med portrett av Ragnar Ulstein i norsk landslagsdrakt og teksten «Noregs ubestridte forsvarskjempe. Suveren i duellar og knallgod hovudstyrke».

Ragnar Ulstein (1920-2019), Ulstein.
Noregs ubestridte forsvarskjempe. Suveren i duellar og knallgod hovudstyrke.

Biografi: Motstandsmann, krigshistorikar, journalist og forfattar. Ulstein var ein del av Shetlandsgjengen under andre verdskrig og var offiser i Kompani Linge. Ragnar Ulstein er den forfattaren som har dokumentert mest og breiast av historier kring andre verdskrigen, med ei rekkje verk og tusenvis av intervju. Statsstipendiat frå 1972.

Ulstein var sterkt medverkande til at krigsveteranar fekk pensjon og helsehjelp og han dokumenterte historia til dei norske jødane.Ein av dei mest dekorerte i Noreg, mellom anna med St. Olavsmedaljen med to eikegreiner og Kongens fortenestmedalje i gull.

Fotballkort med portrett av Hartvig Kiran i norsk landslagsdrakt og teksten «Trygg og roleg i forsvarsrekka. Rask akselerasjon og suveren i ein mot ein-duellar».

Hartvig Kiran (1911-1978), Ålesund.
Trygg og roleg i forsvararrekka. Rask akselerasjon og suveren i ein mot ein-duellar.

Biografi: Kringkastingsmann, journalist, forfattar og gjendiktar. Stemma frå London under andre verdskrigen. Han leia fleir store sendingar i NRK, mellom anna gravferda til Kong Haakon.

Kiran var ein del av folkevisetradisjonen og ein kjær gjendiktar. Han skreiv hovudfagsoppgåve om Ivar Aasen og var medlem av Norsk språknemnd. Han utvikla nynorsk som både kringkastingsspråk og scenespråk og gjendikta mellom anna Shakespeare for Det Norske Teatret.


Fotballkort med portrett av Hans Gjeitvik i norsk landslagsdrakt og teksten «Ein enorm løpskapasitet. Vår mann når det gjeld som mest».

Hans Gjeitvik(1856-1934), Volda.
Ein enorm løpskapasitet. Vår mann når det gjeld som mest og gode råd er dyre.

Biografi: Bjørneskyttar, størjeveidar, stolfabrikant, laga seg pipeorgel og feler, var trelasthandlar, hotelleigar, pionér og leiar innafor støyperibransjen. Mest kjend er han som spelemann, komponist og folkemusikksamlar.

MIDTBANE

Fotballkort med portrett av Ivar Aasen i norsk landslagsdrakt og teksten «Strategen som finn sin eigen veg for laget og står støtt i alskens kritikk».

Ivar Aasen (1813-1896), Ørsta.
Strategen som finn sin eigen veg for laget og står støtt i alskens kritikk. Sjølvskriven kaptein.

Biografi: Vitskapsmannen og forfattaren som la grunnlag for skriftspråket nynorsk, med utgangspunkt i dei norske dialektane. Om fotballen snakkar om gegenpress, viste Ivar Aasen motmakt i praksis. Aasen skreiv både Norsk grammatikk, og kjære songar som “Nordmannen” (Mellom bakkar og berg”).

Fotballkort med portrett av Ingmar Anton Relling i norsk landslagsdrakt og teksten «Kreativ spiss med stadig nye innfallsvinklar. Alltid retta mot målet».

Ingmar Anton Relling(1920-2002), Sykkylven
Kreativ spiss med stadig nye innfallsvinklar. Alltid retta mot målet.

Biografi: Norsk møbeldesignar og pioner. Han stod bak klassikarar som Siesta-stolen, som framleis er i produksjon Designet til Ingmar Relling tok sunnmørsk møbelindustri ut i verda. Relling hadde utstillingar i Købehavn, Zürich og Paris. Han er innkjøpt ved store museum i verda, som Cooper-Hewitt Smithsonian Museum i New York, nasjonalmuseet for kunst i USA.

Fotballkort med portrett av John Olav Riise i norsk landslagsdrakt og teksten «Eksperimentell playmakar med sylskarpt overblikk».

John Olav Riise (1885-1978), Hareid.
Eksperimentell playmakar med sylskarpt overblikk, ein spelar som ser det ingen andre ser.

Biografi: Fotograf med storformatkamera som skapte fotokunst. Ved å kombinere fleire negativ i eitt bilete saman med handkolorering, fekk han eit særeige uttrykk. Modernisme, ekspresjonisme, surrealisme og kubisme var alle element han brukte i fotokunsten. Han stilte ut i Paris, London og Brüssel.

Riise studerte også ved musikk-konservatoriet i Bergen og var ein habil amatørmålar.

Fotballkort med portrett av Olav Strømme i norsk landslagsdrakt og teksten «Banebrytande og nyskapande, med skarpt blikk for formasjonar».

Olav Strømme (1909-1978), Ørsta.
Banebrytande, nyskapande med skarpt blikk for formasjonar. Ein uredd og allsidig spelar!

Biografi: Kunstmålar, som eksperimenterte med nye former, fargar og materiale. Ein av våre fremste representantar for abstrakt biletspråk. Han er særskilt kjend for sine by- og sildefiske-motiv der han gjekk bort frå naturtru skildringar og framheva dei kunstnarlege verkemidla.

SPISS

Fotballkort med portrett av Hans Strøm i norsk landslagsdrakt og teksten «Kunnskapshungrig gjennomførar som bryt gjennom motstandaren sitt forsvar og set Noreg på kartet».

Hans Strøm (1726-1797), Borgund.
Kunnskapshungrig gjennomførar som bryt gjennom motstandaren sitt forsvar og set Noreg på kartet.

Biografi: Prest og professor, forskar og forfattar. Den fremste intellektuelle i landet i si tid.Han var sokneprest i Volda og tok doktorgrad i kristendom. Han hadde ei sterk interesse for naturvitskap og hadde ein omfattande litterær produksjon.

Verket “Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør, beliggende i Bergens Stift i Norge”, som kom ut i to bind 1762 og 1766, er rekna som det viktigaste verket om Noreg frå 1700- talet.

Fotballkort med statue av Gange-Rolv i norsk landslagsdrakt og teksten «Vikingtidas svar på Haaland».

Hrólfr Rögnvaldsson, (ca. 860-932), Giske.
Gange-Rolv (Rollo). Vikingtidas svar på Haaland.Ingen motstandar for stor! Ei fryktlaus kjempe i angrep som et Frankrike til frukost!

Biografi: Danskane prøver å tvinge på han trøya si, men Rollo er vår. Han var son av Ragnvald Mørejarl (sjå biografi på reservebenken) og levde på 900-talet som viking.

Gange-Rolv var så stor at han ikkje kunne sitje på ein hest, derav namnet. Han herja, ikkje berre på norsk, men på internasjonalt gras og slo igjennom i Normandie, der han vart den første hertugen.

***

RESERVE

Fotballkort med portrett av Idar Ulstein i norsk landslagsdrakt og teksten «Gjennombrotshissig spiss med svært gode avslutningar».

Idar Ulstein (1934-2012), Ulstein.
Gjennombrotshissig spiss med svært gode avslutningar.

Biografi: Industribyggjar og skipsingeniør. Leia Ulstein Group i ein mannsalder og tok selskapet på børs. Sentral i ei rekkje, nasjonale posisjonar i norsk næringsliv, med eit internasjonalt blikk. Ridder av 1. klasse av St. Olavs orden.

Fotballkort med portrett av Arnold Eidslott i norsk landslagsdrakt og teksten «Trygg i forsvar. Rolig og analytisk med stor løpskapasitet».

Arnold Eidslott (1926-2018), Ålesund.
Trygg i forsvar. Roleg og analytisk med stor løpskapasitet.

Biografi: Ein av dei fremste lyrikarane på 1900-talet, med sterke impulsar frå modernisme, religiøst liv og samfunnskritikk. Han arbeidde førti år som telemontør i Ålesund og deltok i motstandskampen som krigsseglar.

Fotballkort med portrett av Henrik Kaarstad i norsk landslagsdrakt og teksten «Kreativ playmakar med alskens påfunn».

Henrik Kaarstad (1865-1927), Volda.
Kreativ playmakar med alskens påfunn.

Biografi: Rektor og lokalpolitikar, ordførar og målmann. Første rektor på Volda lærarskule, som var Noregs største lærarskule den gongen.

Fotballkort med portrett av Knut Didrikson Stafset i norsk landslagsdrakt og teksten «Problemløysar som ryddar opp på midtbanen».

Knut Didrikson Stafset, (1837-1916), Skodje.
Problemløysar som ryddar opp på midtbanen.

Biografi: Spelemann, lærar, bonde, ordførar. Samla folkemusikk i områda Skodje og Vatne, mellom anna ei samling på 165 springdansar, 11 brudeslåttar, 80 religiøse folketonar.

ANSVARLEG FOR LAGUTTAK

Les meir

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn (1975), Volda.
Rotevatn er litt over middels interessert i fotball. Ho skreiv kampreferat frå eliteserien i Pusur-dagboka frå tretten års alder. Ho var venstreback på Volda småjentelag i 1989 og 1990. Det gjekk ikkje så bra. Seinare vart ho programleiar i NRK Sportsrevyen saman med makker Jan Åge Fjørtoft. Det gjekk betre. Det eine tok det andre og no er ho sjef i Viti.

Største fotballøyeblikk: Intervjua Nils Arne Eggen på Brakka på Lerkendal i 2001. Rekdal- målet mot Brasil.

Les meir

Benedikte Holen (1985), Ålesund.
Holen skjønte tidleg at fotball innebar altfor mykje langdistansespringing, og fann raskt ut at volleyball var ein langt betre idé. Som midtspelar var ho kjend for stort konkurranseinstinkt og ein viss manglande evne til å ta tap med fatning. Den største idrettslege prestasjonen kan ha vore sølv i NM for J17.

Seinare vart interessa for musikk, kunst og museum sterkare enn interessa for idrett, og ho har no gleda av å leie eit topplag i kunstmuseet. Fotball følgjer ho no berre når det verkeleg gjeld, som til dømes Noreg i VM eller Aksla ILs G2020.

Les meir

Eldar Høidal (1956) Mysen.
Høidal forsøkte seg som fotballspelar på lilleputtlaget til Mysen IF i heimkommunen på Austlandet, men fann fort ut at talentet var større på skeissebanen der han nådde til topps i landsmeisterskapen som 15-åring.

Etter at han flytte til Sunnmøre i vaksen alder opplevde han holkeføre på skeisseisen og gjekk over til å følgje idretten frå sofaen, som han er meir interessert i enn gjennomsnittet.

Les meir

Anna Gjendem (1988), Molde/Leira.
Drøymde i barneåra om å verte målvakt på Manchester United og stuntmann i filmbransjen. Utan fotballag for jenter, og i ein familie der fotball er tabu (dette har ho vidareført i eigen familie), vart det heller «ungdomslag» og «spelemannslag».

Med danseskoa er Gjendem med i eliteklassen i Noreg kalla «A-klassen» og har vunne mellom anna vasar, steikespadar og rottefeller anten med danseskoa, felebogen eller belgen. I sommar er ho å finne i dommarkollegiet som skal dømme disiplinane «Lagdans» og «Pardans» under meisterskapet «Landsfestivalen» (temmeleg fritt ballidrett).

Les meir

Solfrid Otterholm (1983), Voss.
Otterholm prøvde seg på banen i tidleg skulealder, men var meir interessert i lene seg til målstonga enn å springe etter ballen. Ho har som ein følge lite erfaring som fotballspelar. Men som mor til ein fotballspire på Aksla IL er ho i sitt ess som supporter. Noreg sin deltaking i VM lokkar og fram fotballinteressa hos Otterholm, og ho følger spent med på resultata.

Les meir

Siw Solvang (1968), Emblem.
Kva gjeld fotball, har Solvang lang erfaring som tribuneslitar, heiaropar og ekspert på synsing frå sidelinja. På bana var det volleyball som gjaldt. Her kompenserte høgda for det spensten mangla, før ho gav seg medan statistikken framleis peika rett veg. Fotballengasjementet er framleis intakt – no med VM og nattkampar som ein naturleg del av døgnrytmen.

KREDITERING
Bileta er utarbeidde ved hjelp av kunstig intelligens (OpenAI), basert på fotoreferansar frå Viti sine samlingar, Wikipedia, Digitalt museum, Lokalhistoriewiki og Olympedia.