Utdeling av Rellingprisen 2026
29. oktober i år vert Rellingprisen delt ut for fjerde gong. Det skjer under møbelindustriens årlege bransjetreff i Sykkylven.
Rellingprisen vart etablert i 2020, året då møbelbransjen markerte at det var 100 år sidan designpioneren Ingmar Relling frå Sykkylven vart fødd. Sidan har konkurransen vore arrangert kvart andre år. Ingmar Relling, som mellom anna teikna Siesta-stolen, var oppteken av å styrke rekrutteringa av møbeldesignarar og betre kommunikasjonen mellom designmiljøa og møbelbedriftene. Difor er målgruppa for prisen designstudentar og nyetablerte designarar.
I år har ein jury på seks medlemer 31 bidrag å velje mellom til 1., 2. og 3. pris. Tema for årets konkurranse er inkluderande design.
Foto: Droneakademiet

