Kunnskap

Triptyk

Marit Helen Akslen sitt verk Triptyk frå 2015, består av tre tekstile panel med eigne undertitlar.

Marit Helen Akslen, Triptyk, 2015. Foto: Marit Helen Akslen. Marit Helen Akslen sitt verk Triptyk frå 2015, består av tre tekstile panel med eigne undertitlar.
Marit Helen Akslen, Triptyk, 2015. Foto: Marit Helen Akslen.

Motivet i midtpanelet, Girl with the Dust Mask, viser ei kvinne som sit bak ei symaskin og arbeider med eit stykke stoff. Ho ber munnbind og ser med mørke auge ut mot oss. Ved nærare ettersyn kan ein sjå at heile flata i verket er bygd opp av eit utal små vaskelappar frå klede, og på kvar lapp står det kva land dei stammar frå. Alle er land der kleda våre blir laga, og der produksjonskostnadene er lågare enn dei er i Noreg.

På kvar si side er dei to andre panela med titlane, No title og Needlework. I fyrstnemnde er ein av dei små lappane blåst opp til stor skala. Orda «Made in Bangladesh» er brodert for hand med det finaste moulinégarn, som står i kontrast til polyesteren desse merkelappane oftast er laga av. Det andre panelet består og av broderi, og her er orda «Made in China» gjentekne så mange gonger at dei vanskeleg kan teljast, i rekker ved sida av og under kvarandre.

Slike kritiske kommentarar til samtida og samfunna vi lever i er ikkje uvanlege i Akslen sin kunst. Tema som makt og kjønn går ofte igjen, og i dette triptyket løftar ho eksempelvis fram spørsmål knytt til den globale tekstilindustrien. Verka vart laga i etterkant av den tragiske ulykka ved tekstilfabrikken Rana Plaza i Bangladesh i 2013, der over 1100 tekstilarbeidarar mista livet.

Triptyk er ein hyllest frå Akslen til den portretterte syerska, og alle dei som under svært vanskelege arbeidsvilkår og økonomiske forhold, produserer klede for den vestlege marknaden. Verket er skapt i solidaritet og med omsorg.

Marit Helen Akslen (f.1971 i Ålesund) bur og jobbar i Sykkylven. Ho er utdanna frå kunsthøgskulen i Bergen i 2000. Jugendstilsenteret og KUBE, Viti har fleire sentrale verk av henne i samling, inkludert dette triptyket. Verket blei vist som en del av den store utstillinga «Lost connections» i KUBE i 2021 .

En person i svart kjole står ved en symaskin i et studio med dekorativ veggkunst i mørke toner bak.
Marit Helen Akslen i sitt atelier. Foto: Kristin Støylen/Viti.

Marit Helen Akslen: Lost Connections, 5.11.2021–27.2.2022, KUBE.

Solfrid Otterholm

Solfrid Otterholm

Avdeling kunst og design: Kurator

977 71 815 / solfrid@vitimusea.no

Jugendstilsenteret og KUBE

Jugendstilsenteret og KUBE, Ålesund

Jugendstilsenteret og KUBE er eit kunstmuseum som ligg i hjartet av Ålesund sentrum.