Kunnskap

Røyskatten – frå vill natur til kongeleg symbol

Røyskatten (Mustela erminea) er mykje meir enn berre eit vakkert mårdyr; han har spela ei viktig rolle i norsk natur, kultur og økonomi gjennom fleire hundreår. Han har gått frå å vere brukt til skattebetaling til å pryde kappene til monarkar.

Røyskatt med hvit vinterpels
Remih. Hermine au lac Blanc, Saint-Sorlin-d'Arves, Savoie, France. Commons Wikimedia

På Borgund utanfor Ålesund er det funne to moglege røyskattfeller frå mellomalderen under utgravingar på 1900-talet. Dei har dei same måla som dagens røyskattfeller. Det er også kjent at ein frå 1000-talet kunne betale skatt i form av røyskattpels. Men først litt om røyskatten før vi går inn på handel, bruk og symbol.

Utbreidd rovdyr

Røyskatten er eit lite, vakkert mårdyr med ein langstrekt og muskuløs kropp. Han blir vanlegvis mellom 18 og 31 cm lang, med ein hale på 5–12 cm. Ein stor og kraftig røyskatt kan vege opptil ein halv kilo. I naturen finst han over det meste av Noreg, frå kyst til høgfjell – heilt opp mot 3000 moh. Han lever i skog, fjell, kulturlandskap og steingjerde. I røysa gøymer han seg når han er på jakt etter smågnagarar, og røysa har også gjeve han namn. I dag finst røyskatten i store delar av Noreg og er, med unntak av Svalbard, det mest utbreidde rovdyret i landet.

Eit symbol

Om sommaren er pelsen til røyskatten brun på oversida og gulbrun på undersida. Men når vinteren kjem, skiftar pelsen til ei rein og skinande kvit vinterdrakt med den karakteristiske svarte haletippen. Det er denne kvite vinterpelsen som har gjort røyskatten til eit symbol på reinleik og sosial status.

Vinterpelsen er kjend som hermelin og har gjennom historia vore knytt til makt og sosial status. Vi kjenner han frå måleri og portrett av monarkar og høgadelen, der den kvite pelsen med svarte haletippar pryder fôr og kantar på kapper. Hermelin var atterhalden dei øvste samfunnslaga, og talet på svarte haletippar på kappa signaliserte tydeleg kva rang beraren hadde.

Etterlikningar vart også brukte, til dømes kaninpels med påsydde svarte haletippar. Sjølv desse vart rekna som luksusvarer.

Ei eksportvare

Historiske kjelder stadfestar at pels var ei av dei viktigaste eksportvarene frå Norden til resten av Europa og Midtausten. Ei av dei mest kjende kjeldene er forteljinga til høvdingen Ottar om møtet med kong Alfred av England på slutten av 800-talet. Ottar skildra korleis han samla inn skatt frå samane i form av pelsverk, mellom anna frå reinsdyr, mår og bjørn, for vidaresal.

Det finst òg spor etter tidlege møteplassar langs kysten, som ringtunene på Helgeland, der samar og nordmenn truleg bytte pelsverk mot varer som jern og smykke. Moderne metodar, som palaeoproteomics (analyse av protein i hår og skinn), gjer det no mogleg å skilje mellom artar som mår, bever og røyskatt, sjølv når pelsen er sterkt nedbroten.

I rike graver frå vikingtida i Skandinavia, som til dømes Hvilehøj i Danmark, er det funne fragment av finare pelsverk. Sjølv om bjørn og bever oftare kan identifiserast gjennom moderne proteinanalysar, blir røyskatt konsekvent nemnd i historiske og arkeologiske oversikter over luksuspels frå denne perioden.

Pels i samfunnet

Arkeologiske funn av pels i Sør-Europa og i Det bysantinske riket, med opphav i nordiske dyreartar, stadfestar at det fanst omfattande handelsruter. I vikingtida vart sjeldne pelstypar nytta både som betalingsmiddel og som gåver for å byggje politiske alliansar.

Vi har også indirekte spor etter røyskatt frå vikingtida i form av smykke med små dyr, mellom anna funn frå Birka, der dyra stikk hovudet fram. I prestisjegraver er det funne pelsverk av mår, bever og ekorn som ikkje naturleg høyrer heime i området, noko som tyder på langdistansehandel. Slike funn er nytta av arkeologar som bevis på både handel og sosial lagdeling i jernalderen og vikingtida.

Pels som skatteordning

Kyrkja dreiv omfattande handel med mellom anna samane, og for å verne om denne handelen vart det fastsett ei lov i 1313 at erkebiskopens skatteoppkrevjarar ikkje fekk presse samane for ekstra pengar når dei møttest i fjordane. Skinnhandelen var så viktig for den norske staten at han truleg var ei av hovudårsakene til at Noreg overtok Jämtland på 1170-talet. Etter dette betalte jämtlendingane skatten sin til den norske kongen i hermelinskinn i fleire hundreår, ei ordning som vart så etablert at skinna vart brukte på lik linje med pengar i kjøpebrev.

I Magnus Lagabøtes Hirdskrå vart det spesifisert at høgtståande hoffmenn (stallarar) som åt hos kongen, hadde krav på kledningar i hermelin. Dette understrekar den høge verdien røyskatten hadde og tilknytinga hans til makt og rikdom.

Spor i kunsten

Som tidlegare nemnt finst hermelin i kunsten. På ein mosaikk i Sankt Apollinare Nuovo-basilikaen i Ravenna i Italia er dei tre vise menn avbilda. Dei ber frygiske luer, truleg for å markere at dei kom austfrå, og reisekapper som minner om greske khlamyser, ei kort reisekappe brukt i antikkens Hellas. Bakarst går Baltasar, iført ei kappe av hermelin, medan dei kjem med gåver til Jesusbarnet. Dette kunstverket er frå det sjette hundreåret.

Eit anna kjent kunstverk er «Damen med røyskatten», måla av Leonardo da Vinci i 1489 etter at han fekk i oppdrag å måle eit portrett av Cecilia Gallerani (1473–1536), ei lærd og evnerik kvinne ved hoffet til hertug Ludovico Sforza. Det blir sagt at ho i løynd fekk ein son med hertugen, og at røyskatten viser til hertugen sjølv og kjærleiksforholdet mellom dei. Han vart nemleg kalla «den kvite hermelinen» etter å ha vorte teken opp i Hermelinordenen.

Biletet finst i dag på Czartoryski-museet i Kraków.

«Damen med røyskatten» er et maleri av en lys kvinne som holder en røyskatt til brystet.
«Damen med røyskatten» malt av Leonardo Da Vinci i 1489 henger i dag i Czartoryski-museet i Krakow. Commons Wikimedia

Til kongelege seremoniar

Arkeologen Leif Åstveit (2007) fortel om funn av kløftforma snarehaldarar og bearbeidde trepinnar som sannsynlegvis er gildepinnar til klappfeller for fangst av fjellrev og røyskatt.

Beinrestar frå mårdyr viser ofte karakteristiske kuttmerke på hovudskallen, noko som dokumenterer at dyra er flådde for pelsen. Samla stadfestar historiske kjelder og arkeologiske analysar at røyskatt var ei viktig eksportvare frå Norden til det europeiske hoff- og kyrkjelivet, der pelsen vart nytta som fôr og dekorasjon i kongelege drakter.

Då kong Georg VI i Storbritannia skulle kronast i 1937, vart det sendt 50 000 hermelinpelsar frå Canada.

Eit anna kjent døme er kroningskåpa til dronning Maud, som vart laga i Sverige i 1846 og sydd av rundt 1500 sibirske røyskattskinn. Den vart sist teke i bruk ved kroninga av Dronning Maud i 1906.

Franske og engelske dommarar har tradisjonelt brukt kapper med hermelinkant, men har no gått over til kapper med kantar av syntetisk pels.

Motivet med hermelin, eit kvitt felt med svarte «hermelinteikn», vart eit fast innslag i heraldikken for å markere fyrsteleg rang. Hermelin kunne vi finne i kommunevåpenet til tidlegare Ørskog kommune (vedteke i 1983). Ørskog er i dag ein del av Ålesund kommune.

Før pelsdyroppdrett starta på slutten av 1800-talet, var fangst av ville pelsdyr ei lukrativ inntektskjelde. Eit mårskinn kunne utgjere fleire månadsløner for ein skogsarbeidar. Samstundes vart røyskatten ofte tolerert nær gardar fordi han bidrog til å halde muse- og rottebestandar nede.

Røyskatten er skildra i ulike bestiarium, illustrerte mellomalderbøker som mellom anna byggjer på tradisjonar frå antikken. Desse bøkene skildrar verkelege og mytologiske dyr, ofte med ei moraliserande eller teologisk tolking av eigenskapane deira. Her blir røyskatten, eller hermelinen, skildra som eit dyr som heller går i døden enn å skitne seg til. Dette stadfestar symbolikken knytt til reinleik.

Leonardo da Vinci skreiv eit eige bestiarium som inneheldt både humoristiske betraktningar og fablar. Ross King har i seinare år samla dette i «The Fantasia of Leonardo da Vinci: His Riddles, Jests, Fables, and Bestiary.»

Røyskattstilla

Og så har vi den mest rørande forteljinga om røyskatten: ei vandresegn frå norsk folketru og kysttradisjon, historia om «Røyskattstilla».

I boka til Hjørundfjord sogelag frå 2025 står det ei forteljing om Lars Sivertson Bjørke, fødd i 1870, som fortalde son sin ei historie han aldri ville gløyme. Han rodde over fjorden ein dag då sjøen var heilt stille. Då fekk han sjå noko pussig ute på sjøen: ein røyskatt som sumde og skoda framfor seg med nasen, medan ei kuruke med fire–fem røyskattungar låg oppå. Dei skulle over til den andre sida av fjorden, som låg to–tre kilometer unna, på nye jaktmarker.

Røyskatten hadde nok teke fjorårets kuruke, som hadde tørka godt opp, snudd henne, lagt ungane oppå og lagt ut på fjorden den dagen det var heilt stille, ein dag med «røyskattstilla».

«Køyr sakte på fjorden under røyskattstilla – små ferjemenn er ute med si dyrebare last», avsluttar Jarle Walseth historia han hadde fått fortald.

AI-generert illustrasjonsbilde av en røyskatt som svømmer over fjorden med en kuruke med røyskattunger på.
Illustrasjon av en røyskatt som symjer i ein norsk fjord. Bildet er generert av ChatGPT (DALL-E 3) basert på instruksjonar frå [Heidi Albertinesdatter Haugene. VITI].

Kjelder:

  • FHI Skadedyrhåndboka
  • Artsdatabanken
  • arkeologiske publikasjonar
  • Arkeologiske funn og paleoproteomics (f.eks. Buckley et al. om proteomanalyse av pels)
  • Biologi og utbredelse (Artsdatabanken, FHI)
  • Frå Hjørundfjord Årsskrift nr.47- Hjørundfjord sogelag 2025
  • Historisk handel og Ottars beretning (Ohthere/Ottar til kong Alfred)
  • Magnus Lagabøtes Hirdskrå og 1313-forordningen (middelalderkilder/rettstekster)
  • https://fashionhistory.fitnyc.edu/chlamys
  • Foto Wikimedia
    https://www.worldhistory.org/image/14935/the-three-magi
  • Hansen, L. I. & Olsen, B. (2004). Samenes historie fram til 1750. Cappelen Akademisk.
  • Moseng, O. G. & Norgeshistorie.no. (2015). Skattestatens fremvekst. Universitetet i Oslo. Henta frå:
    https://www.norgeshistorie.no/

Heidi A.Haugene

Konservator

988 93 947 / heidi@vitimusea.no