Pels frå Skandinavia : mote, symbolikk og handel i Middelalder i Vest Europa
Etterspurnaden etter skandinaviske pelsar som eit luksusprodukt er langt eldre enn byrjinga av 1900-talet. Nord-Europa har forsynt Vest-Europa med pels sidan til romertida. Allereie då var pels frå Skandinavia ettertrakta, særleg det romarane beskreiv som «mørkpels og blåpels». Arkeologiske utgravingar visser at Sør-Skandinavia fekk fleire varer i bytte for denne handelen: glassbollar, store bronsekar, auser i sølv eller bronse, smykke, keramikk og våpen.
Pelshandelen: ein gamal handelsakitivitet som utviklar seg ulikt mellom Vest og Aust-Skandinavia, frå 400-talet til 1000-talet
Endringane i det romerkse riket og overgangen til ulike kongedømme (400-500 e.Kr.), samt avaranes inntog til Sentral-Europa, ser ut til å ha bremsa pelshandelen mellom nord og sør. Likevel heldt pelshandelen i Skandinavia fram, konsentrert langs kystområda i Sør-Skandinavia og Austersjøen (dei danske handelsstadane Kaupang – i Sør-Noreg –, Ribe, Hedeby ; og dei svenske handelsstadane Birka, Åhus, Pavika og Wolin). Nordlege pelsar nådde i mindre grad Vest-Europa, men det var framleis eit ettertrakta produkt. Skandinaviske pelsar var omset til Frankarriket (500-800 e-Kr) men også til sør-øst frå Skandinavia, til den arabiske verda, i større skala enn i vest.
Takka vere pelshandelen utvikla svenskane seg i Austersjøregionen, og langs Volga, og dei bygde sterke sosiale, økonomiske og kulturelle relasjonar til slaviske befolkningar, det bysantinske riket og den arabiske verden. Denne pelshandelen forklarer funn av store mengder arabisk sølv langs Austersjøkysten, inkludert Danmark, Sør-Sverige og delar av Sør-Norge.
På 800-1000-talet var skandinaviske pelsar kjøpte og vidareførte gjennom ei rekkje mellomledd til heile den arabiske verda. For å nå Spania, Nord-Afrika og Sicilia, reiste handelsmenn sjøvegen, frå Sør-Skandinavia til England, og Sørvest-Frankia. Dei kunne også reise gjennom dagens Tyskland, og over dagens Frankrike til Narbonne for å nå Middelhavet (sjå figur 1).

Men mesteparten av pelsane frå Skandinavia var handla mot sør-aust – til dei austlege delane av den arabiske verda og det bysantinske riket. Trass i handelssambanda mellom danske Kaupang og Ribe og det karolingiske riket (800- og 900-talet), og deretter opninga av med handel frå dei vestlege kystane mot Vest-Europa, var ikkje pelshandelen like utvikla som i Austersjøen.
Det ser ut til at bruken av nordiske pelsar blant aristokratiet i Vest-Europa blei vanlegare på 1100-talet, mens Vest-Europa utvikla tettare kontakt med den arabiske verda og det bysantinske riket. Kontakta det normanniske kongeriket på Sicilia (1130-1190) og korsfararane hadde med bysantinsk og arabisk kultur fekk stor innverknad på europeisk mote.
Endringar i europeisk mote og aukande etterspurnad etter skandinaviske pelsar – 1000- og 1100-talet
I Vest-Europa var pelsar brukt tidlegare, men det var frå lokale pelsdyr. Samstundes brukte karolingisk adel fine pelsar frå mink, mår, bever, men pelsverka var borne med hårsida ut.
På 1000- og 1100-talet nemner både litterære og biletlege kjelder noko nytt som blir skildra som «på arabisk vis»: adelsmenn byrja å bruke pels med hårsida innover, med håra mot huda, som fôr i kleda. Pelsane måtte derfor vere finare og lettare. Desse kom frå nordlege ekorn (gråekorn) og kvit hermelin, som hadde vore kjende og brukte lenge, særleg i Det bysantinske riket og arabiske verda.
Desse finne nordiske pelsane var først verdsette av aristokratiet. Dei var kvart viktige i seremonielle drakter: i kongelege kjolar og kapper kunne det vere brukt fleire hundre, eller til og med tusenvis, av gråverk- eller hermelinpelsar.

Maleri frå manuskriptet Bibliothèque de l’Arsenal, Ms-1186, f. 18r. Beskriving : Manuskriptet er eit illustrert psalter som var bestilt av dronning Blanche de Castille for utdanninga til sonen hennar, Louis IX. Bildet visser dei tre heilage kongane som hyllar Jesusbarnet. Ein av dei har på seg ein kappe fora med hermelin i tråd med moten på kunstnaren si tid (ca.1230). Datering: ca. 1230. Produksjonstad: Paris (Frankrike).

Maleri frå manuskriptet Bibliothèque nationale de France, Français 95, f. 273r. Beskriving : Teksten til manuskriptet er Historien om Merlin. Bildet representerer bryllaupet til kong Arthur og Guenievre. Kongen har på seg ein tunika og ein krage fora med gråverk og ein gråverk kappe. Guenievre har ein stor kappe heilt fora med gråverk. Datering: 1280-1290. Produksjonstad: Flandern (dagens Belgia).
Grå eller blå ? Mentale og billetelege framstillingar av gråverk
Eit vanleg namn på nordisk ekornpels er «gråekorn», «gråverk» eller «gråskinn», men fargen var skildra som «blåaktig farge» av mellomalderforfattarar.
Farge er både eit fysisk fenomen og ein sosial konstruksjon: oppfatninga og skildringa av farger varierer i forhold til epokar og kulturar. For eksempel var den blå fargen var oversett av romarane i antikken. Han var forakta og hadde låg status i romersk kultur. Latin hadde heller ikkje eit einskapleg ord for å skildre han som eigen fargekategori. I keltiske og germanske samfunn derimot var blåfargen verdsett og mykje brukte i farging av klede – blåfargen var identifisert med eigen kategori og ord.
I mellomalderen blei blåfargen mykje meir utbreidd i samfunnet, til og med heilaggjort, særleg frå 1100-talet. Dette kan vere ein forklaring på kvifor mellomalderforfattarar i Vest-Europa fokuserte på ein idé om blå i nordlege ekorn (sjå figur 4) – på grunn av ein spesifikk kulturell sensibilitet.
Det russiske ordet for ekorn er « Белка/ belka » – kan tolkast som « litt kvit dyr » – fordi russarar tradisjonelt la vekt på den kvite magen til nordlege ekornet, medan vesteuropearar har fokusert meir på den grå ryggen. På same måte, på russisk, er «sølv rev» kalla «Чернобурая лисица/ chernoburaya lisitsa», som betyr «svart rev».
Klede laga med gråverk bestod av mange pelsar sydde saman i eit rutemønster. Dette rutemønsteret oppstår når ryggsidene er sydde saman, men er enda meir markert gjennom vekslinga mellom den grå pelsen og den kvite magen til dyret. Det er det karakteristiske rutemønsteret i blått og kvitt, som er representerte i biletkunsten i manuskripta frå 1100-talet inntil 1400- og 1500-talet.

Maleri frå manuskriptet Cambridge University Library, Kk.4.25, f. 75r.
Beskriving : Teksten til manuskriptet er eit bestiarum som handlar om dyr og mytologiske dyr. De blå ekornet representerer eit nordleg ekorn med vinterpels.
Datering: ca. 1230
Produksjonstad: London ? – England.

Tallerken med rygger av russiske gråekorn, produsert i Kina. 145 x 72 cm.

Maleri frå manuskriptet Stadtbibliothek im Bildungscampus Nürnberg, Amb. 279.2°, f. 31r.
Beskriving : Dette manuskriptet er ei bok laga i eit brorskap av handverkarar i Nürnberg (dagens Tyskland). Kvar handverkar som budde der, måtte signere boka og få sitt eige sjølvportrettet som utøvar handverket sitt.
Datering: første halvdel av 1500-talet.
Produksjonstad: Nürnberg (det tysk-romerske riket – dagens Tyskland).
Ein rask sirkulasjon av mote laga med fine skandinaviske pelsar
Denne moten spreidde seg frå adelen til dei andre laga i samfunnet. Presteskapet og den som oppstår på 1200- og 1300-talet og utvikla sine egne kostymer eigne drakter: universitetsprofessorar, parlamentsmedlemmer, dommarar, og advokatar. Dei byrja å bruke gråverk og hermelin som ei form for identifikasjon fordi det representerte sosial prestisje.
Bruken av nordlege pelsar kom også til velståande hushald: teppe, pute og pledd, som var laga av kvadratmeter av pelsverk (mellom 800 og 1800 av gråverk magar).

Maleri frå manuskriptet Bibliothèque nationale de France, Français 749, f. 12v.
Beskriving : Teksten til manuskriptet er « Historia om den hellige Gral». Bildet representerer Josef frå Arimatea som har samla Kristi blod i ein kopp. Han får vitjing av ein engel som forklarer symbolikken og viktigheita til denne koppen (den heilage gralen). Bildet visser ikkje eit soverom til ein mann som levde på 1. hundreår e.Kr, men element frå samtida til målaren: den gule koniske hatten som jødar måtte ha på seg i mellomalderen, og ein pelsteppe laga av gråverk.
Datering: ca. 1300.
Produksjonstad: Nord i Frankrike (Therouanne ?) eller Gand (Flandern – dagens Belgia).

Tegn frå manuskriptet Bibliothèque nationale de France, Français 571, f. 146v.
Beskriving : Teksten til manuskriptet er Le Roman de Fauvel. Det er ein satire skrive av ein høgtståande embetsmann ved hoffet til den franske kongen Philippe IV (regjeringstid 1285-1314). Teksten rettar kritikk mot kongen og rådgivaren hans, Enguerrand de Marigny. For å skjule identiteten til karakterane som blir kritiserte er hovudfiguren zoomorf (ein hest).
På dette bildet grip hovudfiguren, Fauvel-hesten, urettmessig arven. For å representere rikdomen i arven har kunstnaren teikna ei kiste fylt med myntar, to dyrebare koppar og klede i gråverk.
Datering: ca. 1326.
Produksjonstad: Valenciennes (grevskapet Hainaut – dagens Frankrike).

Maleri frå manuskriptet Bibliothèque nationale de France,Nouvelles acquisitions latines (NAL) 1673 , f. 102r.
Beskriving : Teksten er Tacuinum Sanitatis, av Ibn Butlan (også kjend som Taqwīm al-ṣiḥḥa), ein lege og forfattar frå Baghdad på 1000-talet. Det er ein manual som handlar om helse og naturlege tilhøve knytte til mennesket. Europeiske kopiar av denne teksten var følgt av ei rekke heilsideillustrasjonar som denne, som gir eit rikt bilde av dagleglivet til målaren i den aktuelle perioden og staden.
Her illustrerer bildet vinteren og korleis ein kan beskytte seg mot kulde. Det overdådige interiøret som er avbilda har eit veggteppe av hermelinpels.
Datering: første halvdel av 1400-talet.
Produksjonstad: Italia.
Maleri frå manuskriptet Bibliothèque nationale de France, Français9749 , f. 1r. og f. 181r.
Beskriving : Teksten er ei fransk omsetting om Valerius Maximus Facta et dicta memorabilia (1. hundreår e.Kr). Det er ei samling anekdotar om romersk historie og samfunn med moralsk innhald.
Det første bildet (figur 10) viser Valerius Maximus som ein vitskapsmann frå siste kvartal av 1300-talet, med ein lang blå kjole med krage av gråverk.
Det andre bildet (fig. 11) skildrar ei sentral hending i den romerske republikken: Publius Valerius Publicus (i midten, på preikestolen) opphevar magistratar sin rett til å døme til døden (han legger ned fasces). Karakterane sin stil er frå slutten av 1300-talet. Magistratane har på seg blå kapper fôra med gråverkspels; ein av dei, kledd heilt i raudt, har ein hette fôra med gråverkpels.
Datering: Siste kvartal av 1300-talet.
Produksjonstad: Paris (Frankrike).
Nordiske pelsar som symbol på identitet: pelsar og heraldikk
Betydninga nordiske pelsar hadde kjem til uttrykk i våpenskjold. Våpenskjold er eit system av fargar, teikn og dyr som først var brukte og utvikla i Frankrike på 1100-talet. Opphavleg var det brukt for å skilje mellom ulike troppar på ein krigsskodeplass, men det vart raskt ein del av mellomaldersamfunnet som eit bilde på identitet. Våpenskjolda spreidde seg til alle sosiale lag (adel, vanlege folk, geistlege), men også til byar og brorskap, raskt over heile Europa. Dermed var bruken av våpenskjold kodifisert, og heraldikken (vitskap om våpenskjold) etablerte reglar for korleis dei skulle utformast.
Fargar som kan bli brukt er dividert i tre kategoriar :
Emaljer : blå, raud, svart, grøn, purpur, brun, oransje.
Metall: gull, sølv (kvitt).
Den tredje kategorien er ein kombinasjon av symbol og to fargar :
Pelsverk: hermelin (kvitt og svart), gråverk (kvitt og blå).
Eksempel på bruk av desse pelsane i våpenskjold:

Maleri frå Bibliothèque nationale de France, Français 5230, f. 36v.
Beskriving: Manuskriptet er ei våpenbok som listar opp forskjellige våpenskjold frå grevskapet Flandern.
Datering: slutten av 1300-talet.
Produksjonstad: Sannsynlegvis Flandern (dagens Belgia).

Maleri frå Bibliothèque nationale de France, Français 5230, f. 39v.
Beskriving: Manuskriptet er ei våpenbok som listar opp forskjellige våpenskjold frå grevskapet Flandern.
Datering: slutten av 1300-talet
Produksjonstad: Sannsynlegvis Flandern (dagens Belgia).
Bruken av pelsverk frå fine skandinaviske pelsar i heraldikk vitnar om den symbolske betydninga dei fekk i representasjonar av vesteuropeiske mellomaldersamfunn frå 1100-talet og utover.
Dr Eve Defaÿsse.
Bibliografi:
Robert Delort, “Le commerce des fourrures en Occident à la fin du Moyen Âge (vers 1300 - vers 1450)”, Bibliothèque des Écoles françaises d'Athènes et de Rome, 236, École française de Rome, Rome, 1978, s. 3-1383.
Roman K. Kovalev, “The Infrastructure of the Northern Part of the ‘Fur Road’ Between the Middle Volga and the East During the Middle Ages”, Archivum Eurasiae Medii Aevi, vol. 11, 2001, s. 25-64.
Maurice Lombard, “La chasse et les produits de la chasse dans le monde musulman (Vlll°-XI° siècles)”, Annales, Histoire, Sciences sociale, n°3, vol. 24, 1969.
Michel Pastoureau, Bleu : histoire d’une couleur, Seuil, Paris, 2006.

