English

Lukk

Aktuelt

Arrangement

Frivilligheit

Formidling

Heim

Kontakt

Kunnskap

Musea våre

Samarbeid

Utleige

Utstillingar

Kva ser du etter?

Om oss

Musea

Arrangement

Utstillingar

Formidling

Lukk

Kunnskap

 Min favoritt - "Den frilynde"

Min favoritt – frå samlingane til Folkemusikkarkivet

Ein gjenstand, eit kunstverk eller ein installasjon? Kanskje ein særeigen folkemusikktone?

Vi spør eit utval av gjestane våra om kva som er deira favoritt!

Rune Sjurgard busett i Ørsta spelar her reinlenderen “Den frilynde” av Hans Gjeitvik (1856-1934). Hans Gjeitvik spela fele og budde i Geitvika i Austefjord i Volda kommune. Gjeitvik lærte seg noteskrift og i 1920-åra byrja han å skrive ned slåttar frå det rike spelemannsmiljøet som eksisterte i Austefjorden. I 1924 starta han saman med sonen Sivert Hansson Geitvik på arbeide mot å gi ut ei samling av desse slåttane og i 1928 gav dei ut fem notehefter.

Rune har spelt “Den frilynde” i mange år, både på trekkspel og torader. Slåtten er variert, taktfull og melodiøs – ein av dei større slåttane.

Lær meir om våre ulike arenaer gjennom serien "Min favoritt"!

Besøkande i alle aldra deler sine tankar om gjenstandar eller kunstverk som har gjort inntrykk på dem.

Folkemusikkarkivet, Volda

Folkemusikkarkivet dokumenterer og formidlar folkemusikk og folkedans for heile Møre og Romsdal.