Margareta eller Maria?
Om kyrkjededikasjonane og kyrkjefunksjonane i Borgundkaupangen
Av: Alf Tore Hommedal.
Kyrkjebygningar med symbola og funksjonane desse representerte var sentrale faktorar i mellomaldersamfunnet.
Kva kan helgennamna som kyrkjene i Borgund bar fortelje om kyrkjene og om kaupangen? Det var tema både for foredraget, for ein større fagartikkel og for denne miniartikkelen.

Peterskyrkja, Kristkyrkja, Mariakyrkja eller Marikyrkja, eller var det kanskje Maritekyrkja eller Margaretakyrkja? Og kva med Mattiaskyrkja eller Matteskyrkja?
Kyrkjene i Borgund vert identifiserte gjennom mange namn opp gjennom tidene. Ei fyrste oppgåve har difor vore å prøve å identifisere dei opphavlege namneformene, dels gjennom ei jamføring med det me elles veit om kyrkjenamn i norsk mellomalder.
Ut frå kyrkjenamna me kjenner frå Borgund har det vore hevda at der var tre, eller kanskje også fire kyrkjer i kaupangen. Kan hende var der tre, kanskje var der fire, men der kan også berre ha vore to. Mest sannsynleg ér likevel talet tre!
Kyrkjededikasjonar kan vera informative, dei kan til dømes fortelje om intensjon med grunnlegginga; om funksjon ut frå at dei ulike helgenane hadde ulike oppgåver; om grunnleggingstid ut frå at helgenane kunne ha sine «popularitetsperiodar»; og om landskapsmessig plassering og utforming ut frå at nokre helgenar gjerne vart knytte mot enkelte landskapsutformingar.
Me må også hugse på at ei og same kyrkje kunne ha meir enn ein dedikasjon, altså vera kalla opp etter fleire helgenar.

Brukar me Peter-dedikasjonen som døme, er Peterkyrkja i Borgund omtala i skriftlege kjelder alt i 1309, då ho var ei soknekyrkje.
Apostelen Peter var etter evangelia den fremste mellom Jesu læresveinar og den «klippa» som Kristus valde å byggje Kyrkja si på.
Peter vart både biskop og Kyrkjas første pave, og dessutan vart han martyr.
Det er slik ikkje så unaturleg at Peter synest å ha vore den tredje mest nytta helgenen ved dedikasjonar av norske kyrkjer, etter Maria, Guds mor og den norske helgenkongen Olav.
I samanheng med Borgundkaupangen skal me heller ikkje gløyme at Peter opphavleg var fiskar. Slik var han ein sentral vernar for ei viktig næring knytt mot kaupangen.
Namnet ei kyrkje bar var aldri tilfeldig. Det kan altså berre gjennom dedikasjonane ei kyrkje bar vera mogeleg å antyde noko om kyrkjas funksjon og soge.
Det er denne innfallsvinkelen til kunnskap om Borgundkaupangen foredraget diskuterte og artikkelen vil prøve å finne fram til. Då gjeld det ikkje berre Peter, men også mellom anna om det er Margareta eller Maria møy - eller kanskje begge - som gav kyrkjenamn i Borgund.
Om artikkelforfattaren:
Alf Tore Hommedaler arkeolog og førsteamanuensis ved Universitetsmuseet i Bergen. Han har særleg interessert seg for kyrkja si rolle i mellomalderen, for bygningane, kunsten, kultane, musikken og dei religiøse nettverka.