Kunnskap
Til utstillinga «Interiør nå» på Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i 1984 teikna designarduoen Arild Alnes og Helge Taraldsen den leikne tosetaren Triangle, og tilsvarande bord. Trekanten vart vald som formuttrykk.
Spesialteikna tekstil ”Rastafari”. Design: Juan D. Serrano.
1980-åra er kalla jappe-tiåret. Kredittane sat laust og framtidsoptimismen var stor. Ungdom vart ei viktig kundegruppe. Dei ville ha noko anna enn dei trauste møblane foreldregenerasjonen hadde. Internasjonalt kom den såkalla Memphis-retninga med sterke impulsar i 1980-åra. For denne retninga var ikkje produkta sinepraktiske og funksjonelleeigenskapar det viktige. Møblane skullestimulere til nye tankar, frigjere fantasien og invitere til nye omgangsformer.