Kvar i Noreg kom pelsverka frå?
Samane, dei viktigaste leverandørane sidan vikingtida
Pelshandelen var mindre oppsiktsvekkande frå Noreg enn frå Sverige og kystane av Østersjøen. Men der finnast nokre spor etter det. Fleire kjelder nemner riktignok pels med norske opphav.
Othar frå Hålogaland (kanskje i nærleiken av Kvaløya) besøkte Kong Alfreds (871-899) hoff i England og fortalde om eigendomen sin og lista opp finneskattbeløpa sine: pels av mår, reinsdyr, bjørn, selskinn – var ikkje brukt som pels i mellomalderen, men læret vart brukt til å lage båttau, på same måte som kvalskinn.
I historiske kjelder, er samane alltid knytt til jakt, bogeskyting og reindrift. Den anonyme teksten «HistoriaNorvegie» (cirka første halvdel av 1200-talet) nemner pelsdyr som var jakta av samane: bjørn, ulv, gaupe, rev, mår, oter, grevling, bever, ekorn og hermelin.

Det meste av eksporterte pelsar kom faktisk frå samane i Fennoskandia1, frå «finnkaup», som betyr «handel med samane», og «finneskatt» og frå forretningssamband mellom samar og nordmenn, svenskar og russarar.
«Finnkaup» refererer eit handelsprivilegium for norske høvdingar frå Hålogaland hadde med samar – i regjeringstida til Harald Hårfagre vart slike privilegium tildelt av kongen. Å få og å kjøpe pels frå samane var ein stor økonomisk fordel og ei kjelde til strid i den norske eliten.
Frå nordmennene, i bytte mot pelsar, kjøpte samane fisk, voks, honning, mel, lin, ullstoff, klede – nokre sagaer nemner også vin som vart frakta av nordmenn frå England.
«Finneskatten» var ikkje ein skatt som samane betalte som ein dominert populasjon i Fennoskandia til nordmennene. Det ser ut til at det var ein skatt betalt av samane som budde i landområde som dei norske kongane gjorde krav på; det vil seie, som fullverdige medlemar av kongeriket, ikkje som ein dominert gruppe.
Det ser ut til at «finneskatten» byrja på 1100-talet, då dei norske kongane forsøkte å gjere krav på samane som ei befolkning som høyrde til riket deira, og slik som undersåttar av riket dersom ressursane og handelen deira primært skulle halde fram innanfor riket. Dette skjedde på eit tidspunkt då kongeriket Sverige og fyrstedømmet Novgorod byrja å handle med samane i aukande grad og utvida påverknaden over territoria deira.

Ein nedgang i pelshandelen i Noreg – konkurranse frå Novgorod og Hansaforbundet, og endringar i samiske forhold – frå 1200-talet til 1500-talet
Pelseksport var ein viktig del av Noreg sin økonomi, men det møtte fleire utfordringar frå slutten av 1200-talet.

I 1276 gav kong Magnus Lagabøte Hansaforbundet sine handelsmenn løyve til å overvintre i Bergen. Men Hanseatane var allereie ei stor handelsmakt som hadde monopol på pelshandelen i Østersjøen: dette løyvet gav dei tilgang til den norske pelshandelen.
I så stor grad at kong Håkon V i 1316 vedtok ei lov som regulerte eksporten av pels og skinn: sel, bjørn, gaupe, jerv, gråverk, oter, mår, hermelin, snømus, lam, hjort osb. Eksportprivilegia vart dyrare, og dei tyske handelsmennene måtte no betale store summar i korn til det norske kongeriket.
Samstundes endra forholdet mellom samane og kongeriket Noreg seg nord i Skandinavia. Ei anna handelsmakt utvida innverknaden sin nordover og byrja å etterspørje og å kjøpe samisk jakta pelsar: bystaten Novgorod. Frå midten av-1200-talet kom mindre vill og nordlege pelsar frå samane til Noreg.
Det betyr at det vart mindre interessant for Hansaforbundet å betale høge prisar for å eksportere pelsar frå Noreg på 1300-talet. Hanseatiske handelsmenn føretrekte å fokusere på handelen med fisk frå Noreg og med pelsverk i nord-aust (Finland og Novgorod) og Østersjøen.
Etterspurnaden etter nordiske pelsar, gråverk og hermelin, heldt seg svært sterk i Vest-Europa, men rekneskapsmaterialet frå perioden viser at Norge nå bere var ein liten eksportør.
Forresten, etterspørselen etter fine lyse pelsar endra seg på 1400-talet: hermelinpels var framleis eit kongeleg og fyrsteleg symbol, men moten skifta mot meir tettsitjande klede og mørkare pelsverk sydde utanpå kleda. Sobel og mår ble føretrekte, særleg dei som kom frå Sibir.


Nordmenns jakt
Samane var dei viktigaste produsentane av nordlege pelsar for Noreg, men pelsdyr var også jakta av nordmenn. Bønder og fangstmenn jakta. Pelsane vart samla inn av mellommenn eller av pelshandlarar, før pelsane vart frakta til byane for bearbeiding og selde vidare til eksportørar.
Samane var kjende for å jakte med skytebogar med piler med stump spiss som skada huda minst mogleg. Dei kunne bruke feng, som i følgje skriftlege kjelder var ein vanlegare måte å jakte pelsdyr i resten av Noreg og Europa.

Fangstteknikkar var rekna som mindre edle enn jakt til hest eller falkejakt. Teknikkane vart hovudsakleg overført munnleg, og skriftlege kjeldene omtalar dei sjeldan.
Garn, gravde feller, kasser, snarefeller, lokkefuglar, agn og lokkedyr var brukte, slik som den illustrasjonen frå ei bok om jakt skrive i Frankrike på 1300-talet (fig. 7). Bildet og teksten handlar om ekornjakt og beskriver korleis eit vilt ekorn vart fanga ved hjelp av eit tamt ekorn gøymt i ei kasse dekt av eit nett, som kunne løftast av med eit tau. Det ville ekornet, som ønskte å forsvare territoriet sitt, nærmar seg det tamme ekornet, som var halde i kassa med eit tau. Når det ville ekornet gjekk inn i kassa, var nettet lukka rundt både det og kassa.

Endå sjeldnare enn biletlege framstillingar av desse fellene er arkeologiske spor, ettersom dei er laga av lett forgjengelege materialar som tre og tau.
Sunnmøre museum har delar av to slike feller, klappfeller, frå mellomalderen (sjå figur 8). Delane er funn på Borgundkaupangen og er lånt inn frå Universitetet i Bergen.

Som ein slags gapestokk er ho bygd opp av to trestykke som blir haldne saman av eit laust tau. Hermelin, tiltrekt av agn, passerer mellom trestykkene, og når han rører ved tauet, fell den øvre delen ned og fangar dyret. Teknikken fangar dyra utan å skade skinnet. Det vart beskrive av Oles Magnus i 1555 (sjå figur 9), og etnografiske studiar viser ein kontinuitet i bruken av desse fellene i Fennoskandia fram til 1900-talet.

Sjølv om Norge stoppa å vere ein viktig eksportør av pels før slutten av mellomalderen, var tradisjonen med pelsdyrjakt viktig i landet. Med den industrielle revolusjonen og utviklinga av nye produksjonsmetodar, vende nordmenn seg til meir lønsame pelsproduksjonsteknikkar med pelsfarmar som gav betre kontroll over kvalitet og mengd pelsverk.
Dr Eve Defaÿsse.
Bibliografi:
Johan Callmer, Ingrid Gustin, Mats Roslund, “Baltic Finnic and Scandinavian Social Interaction in the Fur-hunting North, c. AD 700–1200”, Medieval Archaeology, 68,2, 2024, s. 331-357.
Robert Delort, “Le commerce des fourrures en Occident à la fin du Moyen Âge (vers 1300 - vers 1450)”, Bibliothèque des Écoles françaises d'Athènes et de Rome, 236, École française de Rome, Rome, 1978, s. 3-1383.
Roman K. Kovalev, “The Infrastructure of the Northern Part of the ‘Fur Road’ Between the Middle Volga and the East During the Middle Ages”, Archivum Eurasiae Medii Aevi, vol. 11, 2001, s. 25-64.
Maurice Lombard, “La chasse et les produits de la chasse dans le monde musulman (Vlll°-XI° siècles)”, Annales, Histoire, Sciences sociale, n°3, vol. 24, 1969.
An Smet, Baudouin van den Abeele, “Medieval hunting”, Cultural history of animals in theMedieval Age , (ed.) Brigitte Resl, Berg, Oxford/New York, 2007, chapter 2, s. 59-79.
Solveig Marie Wang, DecolonisingFennoscannia, An Interdisciplinary Study of Norse-Saami Relations in the Medieval Period , De Gruyter, Berlin/Boston, 2023.