Kunnskap

Diplomaten som brukte bondevett då Sunnmøre museum vart grunnlagt

Stove frå Bakken på Habostad i Stranda. Kårstova vart bygd i 1867 og påbygd med storstove i 1876. Huset vart flytta til Sunnmøre Museum i 1935 og attoppført året etter. Foto: Sunnmøre museum, 1988

Det var Rasmus Buset som, meir enn nokon andre, la grunnen til Sunnmøre Museum, framhevar Ivar Grøvik i Tidsskrift for Sunnmøre historielag 1965-66.

I friluftsmuseet som ligg like utanfor Ålesund sentrum er det samla bygningar frå heile regionen, som fortel om levemåten i det gamle bonde- og kystsamfunnet.

  • Tekst: Anne Buset Vassbotn, Ingvild Buset Asplin og Ragnar Buset
  • Fagleg rådgjevar: Ivar Gunnar Braaten, historikar

Artikkelen oppsummert:

Les meir
  • Sunnmøre Museum vart stifta i 1931
  • Rasmus Buset var den sentrale drivkrafta bak etableringa av museet
  • Han kjempa for at kulturminne frå Sunnmøre skulle bli verande i regionen og samla eit stort nettverk av frivillige
  • Trass i museumsstrid, økonomiske utfordringar og andre verdskrig vart museet opna i 1946

Oppsummeringa er laga med hjelp frå kunstig intelligens, men godkjent av Viti sin redaksjon før publisering.

Museet vart stifta i 1931 og tanken var å lage ei lokal utgåve tilsvarande samlingane som fanst på Maihaugen og på Norsk Folkemuseum på Bygdøy. I den første store utbyggingstida, var det viktig å få til ei endring – slik at alt av fortidsminne ikkje lenger trong å sendast til Bergen.

Museet skulle eigentleg ha blitt opna 9. april 1940, men verdshistoria ville det annleis. Formell opningsdato fann først stad i 1946.

I dag er samlingane eit folkemuseum for bonde- og kystkultur og ein byd også på ruinar frå Borgund kaupang frå 1100-tallet.

Buset kom med i det første styret og var styrar, frå 1934 til 1948. Og då han vart tildelt kongens fortenestemedalje i gull var det for innsatsen han hadde lagt ned som talsperson for kvifor det var viktig å få samla og stilt ut kulturminne til nytte for framtidige generasjonar. Samt fordi han hadde vore praktisk tilretteleggjar.

Påskjønninga var også for pengeinnsamlings- og koordineringsarbeidet han fekk i stand i den første krevjande, men også gjevande nybrotstida.

Andre sentrale personar som var med frå starten var diktaren Anders Vassbotn, Olai Bjørlykke, Martin Bjørndal og Ivar Myklebust.

Rasmus Buset

Familien Sigfrid og Rasmus Buset med sønene Per og Jon Buset. Foto: Privat

Museumspioneren Buset fekk døypenamnet Rasmus Cornelius og var fødd på Buset i Årsetdalen på Vartdal i 1891.

I alt hadde han seks søsken, og då eldstebroren Bernt omkom på sjøen i 1906, vart han odelsgut. Men evnene og hugen hans gjekk mot boklege syslar, så han valde skulevegen i staden for gardsdrift.

Etter konfirmasjonen var han så heldig at han fekk vere dreng i Aasen-tunet i Ørsta hjå Jon Aasen, eit opphald som sette varande merke i han. Der fekk han ein nasjonal kveik som levde i han livet ut.

«Hovudmuseum» i Ålesund og Folkemuseum i Borgund?
Museumsforkjemparane måtte også bli samde om eit namn. Eitt forslag var Sunnmøre Folkemuseum, eit anna Bygdemuseumet, men Sunnmøre Museum vart vald, fordi dei ville legitimere eit sams kulturelt opphav for alle sunnmøringar.

Det gjaldt å prove at ein fekk ting til på ein seriøs måte, når det gjaldt ressurspersonane som fanst rundt Aalesunds Museum, dei styrande i Ålesund by og i Borgund kommune.

Og diskusjonane føregjekk ikkje utan strid, ein strid som til tider var så kvass at han i ettertida vart omtalt som «museumsstriden» på Sunnmøre.

Det som i dag heiter Aalesunds Museum vart stifta alt i 1903, og mange meinte at ein burde bygge vidare på det ein hadde, slik at ein fekk eitt breitt regionmuseum, heller enn å etablere eit nytt friluftsmuseum for Sunnmørs-bygdene i tillegg. Djupast sett var det ein kulturpolitisk strid mellom by og land, og Sunnmørsposten var i fleire år fylt med kraftfulle ytringar.

Buset og hans fire medsamansvorne menn, som alle var frå distrikta, var fast bestemte på at der måtte to museum til viss dei skulle lukkast med å få igjennom den innsamlingspolitikken av kulturminne med fordeling av arbeidsområde som dei ønskte.

Og då Sunnmøre Museum først var stifta, reiste dei til kvar sine innsamlingsområder, slik at alle dei 24 herada i regionen vart dekte.

Alle dei 24 herada i regionen vart dekte. Kart: H. Ellefsen, Hamar, Norway.

Ein del av grunnen til at dei sto så standhaftig på sitt, var at dei frykta at mange frå bygdene ikkje ville avsjå hus og stadbundne gjenstandar viss mottakar var eit sentralt Ålesund bymuseum.

Buset og Bjørlykke hadde alt på 1920-talet tatt til med innsamling med tanke på museet som ikkje var etablert enno. Gjenstandane dei fekk tak i oppbevarte dei på det romslege kaféloftet på Gjestestova på St. Olavs plass.

Ein sentral idé- og oppbevarings-bank som bygdefolk på bytur kjende til. Og der storsamlaren Buset stundom mangla systematikk, tok den tolmodige og stillfarne Bjørlykke på seg journalføringa med glans.

Medan Bjørlykke samla ihuga på fisk- og sjødyr frå havdjupa langs kysten, nytta Buset rutebåtane til å samle inn gjenstandar frå kvardagslivet, knytt til jordbruk. Gjennom ein avtale med fylkesbåtane fekk Buset ordna gratis frakt for folk som ønskte å sende gjenstandar til han.

Vel framme på kaia i Ålesund, plasserte mannskapet gjenstanden på eit lagerrom, der den kunne stå ei tid for så å verte henta «ved høve». Seinare fekk dei i tillegg også lånt eit eldsikkert rom i Borgund Sparebank, i påvente av bygging av eigne lokale.

Avtale med Bergen Museum
I fleire kjelder vert det framheva at Buset var rett mann til rett tid av fleire grunnar.

Han hadde store kunnskapar og åtte evne til vitskapelege granskingar i historisk lei. Og med sin usløkkelege kunnskapstrong var også folkeminne og stadnamnsgransking emne han gjerne engasjerte seg i.

Eit sentralt punkt i museumsstriden var også det at mange meinte at det no var på tide å slutte med å sende dei beste lokale historiske gjenstandane til Bergen Museum, som hadde det faglege ansvaret for oldsaker frå Sunnmøre.

Som bondeson kjende Buset ansvaret med å vidareføre arva frå forfedrane, og han syns derfor at det var viktig å få på plass den unike avtalen med Bergens museum som ga også Sunnmøre Museum rett og fagleg tyngde til å oppbevare og stille ut oldsaker. Ein slik avtale var noko heilt nytt, og den kom på plass i 1933.

Inspirert av helleristingar
Kvifor han starta med det tidsslukande museumsarbeidet, forklarte han i eit intervju med Arbeidermagasinet slik:

- Eg gjekk der og ergra meg over den måten som mange skusla vekk fritida si på! Støtt og stadig skulle det til dømes spelast kort. Når nokon ville ha meg med på dette svarte eg alltid beint ut nei. Ein må då vel kunne ta seg til ting som er meir moro enn det!

At arkeologi var ein «artig» hobby, forstod han sommaren 1930 då han fekk vere med som assistent for Anders Nummedal, hovudmannen bak utgravingsarbeidet for helleristingane i det som då vart kalla «Komsa-funnet» i Finnmark.

- Det vart den gildaste sommarferien eg nokon sinne har hatt. Og så var loddet kasta, eg valde arkeologi som hobby – og det som svenskane kallar «hembygdsvård». Det har vore eit morosamt arbeid, eit heilt ut velsigningsrikt slit og strev, uttalte Buset.

Det var etter innsikta han fekk etter å ha blitt kjent med Nummedal at han forstod at det hasta å få samla inn kulturminne frå den sunnmørske kulturarven.

Eldsikre hus
Då Buset tok over styreformannsvervet i 1934 var den primære oppgåva å skaffe pengar.

Han skreiv dusinvis av søknader og brev om økonomisk draghjelp til bankar, næringsliv og departement. Han søkte også om midlar frå Pengelotteriet, og dei fekk om lag 30 000 kroner.

Å bygge eit eldsikkert hus kosta rundt 60 000 kroner, ein stor sum i vanskelege økonomiske tider. Kommunane skulle yte 1,5 øre per innbyggar, men å få inn dette var ikkje enkelt, då mange kommunar ikkje kunne løyve pengar.

Men takka vere gåver frå privatfolk, og nokre pengelån i bankar til svært rimelege vilkår, så fekk dei omsider midlane dei trong.Det eldsikre utstillings- og magasin-huset for oppbevaring av oldsaker var på plass i Borgundgavlen i 1939.


Aasen-samling i Hovdebygda
I denne tida vart det også strid om dokument knytt til Ivar Aasen burde flyttast og sikrast i Ålesund.

Etter endelause diskusjonar vart det bestemt at det skulle etablerast ei eiga lokal Aasen-samling på garden som Aasen kom ifrå, i staden for berre eitt stort sentralt eldsikkert hus på Borgund.

Frå Sunnmøre Museum vart Buset vald som tilsynsmann for Aasen-minna.

For å få dette til var det avgjerande at Jon Aasen stilte opp og ga 3 mål av grunnen sin i Hovdebygda til Sunnmøre Museum. Eit nytt, eldsikkert hus måtte byggast.

Ei av forklaringane til at dette huset vart ferdig stilt mot slutten av krigsåret 1943, kan nettopp ha vore som ei følgje av den nærleiken som Buset hadde til Aasengarden og at mange med han, meinte at Aasen-minne først og fremst hadde sin naturlege plass – på Aasen sin heimegard.

Då Buset i ungdomen slutta som dreng der, fekk han med seg eit stort innramma bilde av Ivar Aasen. Dette hang i alle år over skrivepulten der han sat – som ei stendig påminning om det arbeidet som Aasen la ned for det nynorske skriftspråket.

Sektorisert delegering
Men sin eigen innsats var Buset sjølv ganske smålåten om. I eit intervju fekk han ein gong dette direkte spørsmålet:

- Er det riktig som det vert fortalt at det er De som heile tida har vore den berande krafta i arbeidet med Sunnmøre Folkemuseum?

- Nå er det kanskje nokre som skuldar meg for det, men vi har jo vore ein heil flokk! Rundt om i alle bygdene på Sunnmøre har eg lidenskapelege medarbeidarar, svara Buset.

Metoden som Buset nytta vert i dag kalla «sektorisert delegering». Han var opptatt av at Sunnmøre Museum måtte knyte til seg historie-interesserte vener frå heile området som samlingane skulle dekke.

Og arbeidet gav frukter. Mange herad fekk i stand eigne museumsnemnder som ei følgje av dette initiativet. At Buset gjekk i bresjen som ein forkjempar for bevaring av fortida, var også ein heidersgest til alle dei gode dugnads-hjelparane.

Så då Buset til slutt kunne gå mellom dei ti gamle stovene som då var blitt flytta til Borgund, så gjekk han der ikkje først og fremst som museumsmann, men som sunnmøring med rot i dei grendene der husa var komne ifrå. Han var så sterkt merkt av opphavet sitt, og av si vartdalske kulturarv, at han kjende det som å stå på heilag grunn når han gjekk i fedrane sine fotefar.

Potetlager
Ein sommardag i 1943 kom fire tyskarar og ville ha det eldtrygge huset til innkvartering. Og hadde det ikkje vore for Buset si kløktige tillempings-gemytt hadde truleg museumsbygningane på Borgund vorte annekterte av den tyske okkupasjonsmakta.

Buset framheva at bygninga var heilt uskikka til dette, mellom anna på grunn av dårlege golv (!) og fukt. At dei tidlegare også hadde innkvartert to kompani lingekarar som skulle til England, der den eine hadde til oppgåve å få i stand eit radiosamband til London var på ingen måte tema i denne samanhengen.

Men styreformannen måtte likevel flire litt då tyskarane etter ei tid kom tilbake og kravde å få Håvollstova til potetlager.

- Dei isolerte med sagflis og kledde veggane med papp-plater, men lenger kom dei ikkje, fortalde Buset i eit intervju.

Tre ting må til
Då regionmuseet for Sunnmøre skulle byggast vart ulike stadar i Ålesund føreslått. Buset var sterk tilhengar av Borgundgavlen, og han hadde fått det som han ville.

Si levande omsut for sjølve plasseringa av museet, kom tydeleg fram i helsingstalen han heldt då Sunnmøre Museum omsider kunne opnast av kronprins Olav den 15. juni 1946.

- Når vi i dag opnar museet her i Borgundgavlen, så står vi på historisk grunn. Frå desse bakkane og kollane talar soga til oss. Her har butt folk like frå steinalderen, vi finn merke etter dei den dag i dag. Her innan i Skuggen budde lendmannen Erling, Håkon Jarls gode ven. Og nedanfor har vi Katevågen der folk la til med båtane sine når dei i gamle dagar skulle vitje kjøpstaden Borgund. Vi har og ein stad som kallast Tinghaugen her, det er truleg den gamle tingstaden for Sunnmøre, sa Buset til dei vel tolv tusen frammøtte.

Så spøkte han med at det er tre ting som trengst for å bygge eit museum: pengar, pengar og atter pengar.

Men han hugsa også på å framheve ein god del av privatpersonane som hadde gitt bygningar og andre gjenstandar til museet. Alt dugnadsarbeidet hadde dei ikkje klart seg utan.

Sunnmøre Museum fekk fleire kongelege besøk av Olav – først som kronprins og seinare som Hans Majestet Kong Olav V. Biletet er frå Syndmøre Practiske Landhuusholdningsselskab sitt 200-årsjubileum i 1973. Foto: Sunnmøre Museum / Viti sine samlingar.

Binde saman notid og fortid
I den omfangsrike talen han heldt på opningsdagen, passa Buset på å nytte høvet til å takke John Werner som ga museet sommarfugl- og insekt-samlinga si, Hans Kaldhol som ga dei sine geologiske og arkeologiske samlingar og Olai Bjørlykke som ga den store samlinga si av sjødyr.

Han runda av med å framheve at tanken bak museet var å binde saman notid og fortid. Vidare var det eit mål å «gøyma og vyrdsla for ettertida tradisjonane åt forfedrene våre».

Dette samanfatta han og medforfattar Bjørlykke også i eit idealistisk, men fromt ønskje – som låg i grunnen, bak alt arbeidet. I ei historiebok som dei to fekk prenta oppsummerte dei hovudformålet med det dei heldt på med: «Kunde det auka kjærleiken til folk og fedrajord, vilde det gleda oss.»

Eit tuntre

Rasmus Buset med sitt første barnebarn - Ingvild Buset Asplin, medforfattar av artikkelen. Foto: Privat var

Då Buset fylte 70 år i 1961, prenta Sunnmørsposten ein omtale av jubilanten der Ivar Grimstad nytta tittelen: «Eit tuntre i vår lokale kulturskog».

Grimstad gjekk langt i å framheve Buset sin innsats:

«No må elles ikkje godtfolk tru at Buset berre er mottemjøl og gamletid. Arbeidet for museumstanken er ein lekk i hans heilslege kultursyn…Men Buset var strid som ein stubbe. Han vart eit omgrep. Ja, så menn så oppnådde han den sjeldsynte æra å bli eit – skjellsord!», skreiv Grimstad som viste til at det å få i stand eit museum, utan strid og diskusjonar, nok ikkje hadde vore mogleg – utan ein lokal bondeson, med eiga røynsle frå dei bratte sunnmørske, grønkande liene.

Vidare såg ikkje alle med blide auge på at Buset også var målmann. Då han i 1948 takka nei til å halde fram med museumsarbeidet, vart han skuleinspektør i Ålesund, ei stilling der han nytta nynorsk, til han vart pensjonist, ti år seinare.

I dag tel hus-samlinga i Borgund meir enn 55 hus, og byd på godbitar som ein fullskalakopi av Kvalsund-roskipet (eit vikingskip), som vart funne i ei myr i Herøy kommune i 1920.

Men det som ville ha gledd den standhaftige læraren, samlaren og føregangsmannen for fortida mest er at det også i dag kjem skuleklasser på dagsturar til museet frå heile regionen.

Besøk frå Dalsfjord skule ved Sunnmøre Museum, 7. juni 1980. Foto: Svend Rye Torben / Viti sine samlingar

Kort om Rasmus Buset

Les meir
  • Lærareksamen i Volda, 1915. Lærarhøgskulen 1924, Styreformann og leiar for Sunnmøre Museum 1934 til 1948, attåt full lærarstilling.
  • Skuleinspektør i Ålesund 1948-58.
  • Kongens fortenestemedalje i gull i 1951.
  • Gav i samarbeid med Olai Bjørlykke ut historieboka Frå gamal og ny tid på Sunnmøre, 1934. Boka kom ut på nytt i 1982, i samband med Sunnmøre Museum sitt 50-års jubileum.
  • Gift med Sigfrid Dahle 1935.
  • Døydde i 1965.

KJELDER

Les meir
  • Artikkel: Føregangsmannen for fortida, av Edvard Molvær, i «100 år 100 navn»2000. Ansv. red. Harald H. Rise.
  • 20-årsmelding for Sunnmøre Museum, 1931-51.
    https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2011111108127
    https://digitaltmuseum.no/021018598452/aasen-museet-steinhuset
  • Tidsskrift for 1955-66. Sunnmøre historielag, Vol. 41-42, Minneord av Ivar Grøvik.
  • Oppslag i Sunnmørsposten om opninga av Sunnmøre museum, måndag 17. juni 1946.
  • Lesarinnlegg i Sunnmørsposten: Eit tuntre i den Sunnmørske kulturskog, helsing til Rasmus Buset, Sunnmørsposten 1961 av Ivar Grimstad.
  • Edvard Molvær: Sunnmøre museum 1931-1981. Sunnmøre museum 1983
  • Artikkel i Aftenposten av Henry Røsoch, måndag 17. juni 1946.
  • «Synet på fortiden. Lærer Rasmus Buset i Borgund og det imponerende livsverket hans». Trygve Hjort Johansen. Arbeidermagasinet 1939, nr. 35.
  • Gavlen: Meldingsblad for Sunnmøre museum og Sunnmøre museumslag. Edward Molvær. 2006 Vol. 26.
  • Frå gammal og ny tid på Sunnmøre, O. Bjørlykke og R. Buset. 1934. Eige forlag. Utgjeve med støtte frå Sunnmøre Lærarlag.
  • Årbok for Sunnmøre 2021. Sunnmøre Museum – 90 år. Av Ivar Gunnar Braaten.