Sunnmøre museum

Dybhuset

KLAUS NILSENS GATE 11, ÅLESUND

Huset vart bygd på Buholmen i Ålesund i 1879. Det var to familiar frå Godøya som fekk bygdhuset: Arnt Ystenes og kona Marta Ystenes, og Ole Kristiansen Dyb og kona hans Petrine Severine Larsdatter Dyb (f. Alnæs). Ole var født i 1847 og Petrine i 1852. Byggmeistaren var frå Godøya.

Ole Kristiansen Dyb var fiskar, slik som dei fleste som slo seg ned og blei fastbuande på Buholmen. Dette var folk som flytta frå bygdene til byen.

Husa på Buholmen blei ikkje øydelagde av bybrannen i 1904. Buholmhuset er derfor eitt av dei eldste husa vi kjenner frå Ålesund. Men i 1978 blei husa på Buholmen rivne for å gi plass til den nye innfartsvegen til Ålesund.

Svært mange av husa i Ålesund såg ut slik som Dybhuset før byen brann i 1904. Slike hus var det òg vanleg å byggje andre stader på sunnmørskysten frå 1840-åra: på Godøya, Giske, Valderøya, Vigra og Haramsøyane.

Huset er bygd (lafta) av tømmer, og er kledd med panel både utvendig og fleire stader inne. Midt i huset er gang og kjøkken, og på kvar side er det ei stove og eit kammers.

Når vi kjem opptrappa, er det soverom og kott ut til kvar side.

Midtrommet oppe veit vi blei brukt til skomakarverkstad av ein av dei som budde i huset i 1910.