BorgundKaupangProsjektet

BorgundKaupangProsjektet er eit tverrfagleg forskingsprosjekt (2019–2027), leia av professor Gitte Hansen, mellomalderarkeolog ved Universitetsmuseet i Bergen, Universitetet i Bergen (UiB). Prosjektet har støtte frå Noregs forskingsråd.

Prosjektet undersøker korleis mellomalderbyen Borgund voks fram, korleis livet i byen utvikla seg – og kva som førte til nedgangen.

Borgund var ein viktig handelsstad, med kontaktar både i resten av Noreg og med verda utanfor. Men frå 1300-talet gjekk byen gradvis tilbake. Kva skjedde – og kvifor blei byen til slutt forlaten?

For å finne svar ser forskarane nærare på korleis folk levde og arbeidde, kva dei produserte og handla med, og kva nettverk Borgund var ein del av.

Ved hjelp av moderne metodar analyserer forskarane gjenstandar frå tidlegare arkeologiske utgravingar. Dei undersøker mellom anna:

  • Handel og nettverk: Varebyte og kulturelle samband i Noreg og med andre land.
  • Kvardagsliv og handverk: Spor etter mellom anna jernarbeid, tekstilproduksjon, lær og dyrebein fortel om arbeid og daglegliv.
  • Gjenstandar og materiale: Funn av mellom anna lær, keramikk og kvernsteinar blir undersøkte på nytt og kan gi ny kunnskap om byen og menneska som budde der.

***

Les meir om prosjektet i artiklane Mysteriet Borgund og Borgund Kaupang

***

Forskingsgruppa samla på Middelaldermuseet i 2026. Foto: Viti
Forskingsgruppa samla på Middelaldermuseet i 2026. Foto: Viti

Forskingsgruppa:

  • Gitte Hansen – UiB
  • Arne A. Stamnes – NIKU
  • Georg Hallgren – University of Turku, Finland
  • Bernt Rundberget – NTNU
  • David Simpson – UiB
  • Kristin E. Edland – VID vitenskapelige høgskole, Stavanger
  • Monica Enehaug – NTNU
  • Therese Nesset – Musea i Sogn og Fjordane
  • Brita Hope – UiB
  • Lisabet Gudmundsdottir – University of Iceland
  • Martha Kløve Juuhl – tidl. lærar i handverk/veving
  • Espen Kutschera – Bymuseet i Bergen
  • Ben Allport – University of Groningen, Nederland
  • Jens Eike Schnall – UiB
  • Kristoffer Dahle – Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Heidi Haugene – VITI
  • Mathias Blobel – UiB
  • Ambjørg Reinsnos – NIKU
  • Monika Sunnanå Ravnanger – MUHO (Musea i Hordaland)
  • Sigrid Samset Mygland – Bymuseet i Bergen
  • Natascha Mehler – Eberhard Karls Universität Tübingen, Tyskland