Barn av si tid
| Tilbod via | Lokal DKS i Ørsta |
| Tilbod til | 3. trinn i Ørsta kommune |
I “Barn av si tid” får elevane ta del i vår felles kulturarv innan dans, song og leik. Kva er likt, og kva er ulikt med leiken elevane leikar i dag?
Til alle tider har barn leika. Leiken utviklar seg og endrar seg over tid. I verkstaden «Barn av si tid» får elevane ta del i eldre barneleikar og dans i lag med formidlarar frå museet. Vi skal mellom anna prøve å «strekke kalveskinn», sparke hatt og «tre nåla». Vi skal leike «slå på ringen», «Kari og Knut siste par ut» og danse. Liknar dette på leikane dei nyttar i friminutta og på fritida i dag?
Formidlingsopplegget vert gjennomført på den einskilde skule. Produksjonen er eit tilbod gjennom den lokale Kultursekken i kommunane Ørsta og Volda (?).
«Barn av si tid» er kulturarvformidling laga av Folkemusikkarkivet (fellesteneste for musea i Møre og Romsdal).
| Tid | 1 time |
| Elevtal | Ei klasse på opptil 30 elevar i gongen |
| Areal | Gymsalen eller rom på minimum 10 m x 20 m |
