Møbelmuseet
Møbelmuseet – Sykkylven
Utstillingsopning: Frå stein til sittemaskinar
Velkomen til opning av utstillinga «Frå stein til sittemaskinar» i Møbelmuseet i Sykkylven søndag 21. juni kl. 13.00.
21 jun., kl. 11:00 – 14:00
Gjennom utstillinga ønskjer vi å vise ulike måtar menneska har løyst utfordringa med å finne kvile og støtte for kroppen under arbeid og kvile.
Vi dreg linjene heilt tilbake til dei første primitive sitteunderlaga våre forfedre fann i naturen, til dagens avanserte sittereiskap tilpassa menneske med ulike behov og funksjonsnivå.
Ein del av utstillinga er spesielt retta mot born, og vi inviterer dei vaksne til å ta del i leiken med borna på golvet.
Utstillinga vert opna av direktør ved avdeling for kunst og design i Viti, Benedikte Holen.
Gratis inngang.
Vel møtt til alle!
