Tur med Sunnmøre museumslag

Bli med på museumstur laurdag 5. september til Normoria og Klippfiskmuseet i Kristiansund, Kvernes Stavkirke på Averøya og Atlanterhavsveien.

Påmelding snarast, og seinast onsdag 19.august til Kirsti Rønnestad på e-post ksronnes@online.no eller på SMS 952 79 241.

Bussen har avreise frå Ålesund kl.08.30, og frå Moa Rutebilstasjon kl.09.00.

Opplys ved påmelding om kvar du ønskjer påstiging.


Eigenandel:
Medlem i Sunnmøre Museumslag kr 700,-
Ikkje-medlem kr 1 000,-

Stadfesting av påmelding og betalingsinformasjon blir sendt på e-post (evt. SMS) etter at påmeldingsfristen er ute.
Frist for betaling: 27. august.

Turen krev meir enn 30 deltakarar for å gjennomførast.

Inkludert i turen er kaffi og kake på Normoria og lunsj på Bjartmars kro, Averøya (fiskesuppe). Gi beskjed om evt. allergiar.

Arr.: Styret i Sunnmøre Museumslag