Sunnmøre museum
Sunnmøre museum – Ålesund
Terrassehagen kommer til Ålesund
Drøymer du om ein frodig hage med blomstring gjennom heile sesongen? Eller elskar du berre å samle nye idéar til uterommet ditt? Da bør du få med deg denne kvelden!
22 sep., kl. 16:00 – 19:00
Eivind Bjørkgård Moe, kjend som Terrassehagen på Instagram, kjem til Ålesund for å dele dei beste tipsa sine, sine erfaringar og sine favorittplantar.
Frå ein terrassehage på berre 50 m² til ein frodig hage på rundt eit halvt mål – Eivind viser korleis smarte planteval, spennande kombinasjonar, høgder, former og kontrastar kan skape ein hage med djupne, variasjon og små overraskingar rundt kvar sving.
Du får blant anna høyre om:
- Korleis skape ein frodig hage – òg på liten plass.
- Plantar som gir blomstring gjennom heile sesongen.
- Bruk av staudar, tre og prydgras for å skape heilskap.
- Favorittar som japanske lønner og hakonegras.
- Korleis byggje gode sosiale soner i hagen.
Dette blir ein kveld full av hageglede, inspirasjon og konkrete idéar du kan ta med heim – anten du er fersk hageeigar eller har grøne fingrar frå før. Vi sel lodd i pausen og har fine premiar som alltid. Det blir òg høve til å stille spørsmål og få gode svar.
Ålesund og omegn hagelag gler seg til å sjå både nye og gamle hagevener!
Dato: Tysdag 22. september
Klokkeslett: 18.00
Stad: Kafébygget, Sunnmøre Museum, Museumvegen 12, Ålesund
Pris: Medlemmer i Ålesund og omegn hagelag: 150 kr
Ikkje-medlemmer: 250 kr
Arrangør: Ålesund og omegn hagelag
TILGJENGELEGHEIT:
Universell tilkomst til foredragssalen i hovudbygget til museet.
HC-parkering ved inngangen.
