Naturmuseet
Naturmuseet – Sykkylven
Tafjordfjella. Funn etter det første folket
Når is og snø smeltar, kjem stadig nye funn til syne.
19 nov., kl. 18:00 – 20:00
Tafjordfjella mellom Romsdalen og Stryn – er eit av dei største og mest villmarksprega fjellområda i Sør-Noreg, og blant dei første områda som vart isfrie etter siste istid, og nettopp her kan ein finne spor etter noko av den tidlegaste menneskelege aktiviteten i dei norske høgfjella. Til no har vi registrert meir enn tre tusen kulturminne her.
Særleg oppsiktsvekkjande er dei mange bogestillingane, som tyder på at jegerar har levd her og jakta på villrein alt i steinalderen.
Kan desse nye funna endre måten vi forstår fortida på? Astor Furseth fortel om funna, og korleis funna kan tolkast og kva tyding vil dette ha.
Dato: Torsdag 19. november k. 19.00 - 21.00
Stad: Naturmuseet i Sykkylven
Gratis arrangement
Tilgjengelegheit: Naturmuseet har universell tilkomst til utstillinga.
