Sunnmøre museum
Sunnmøre museum – Ålesund
Sommarkonsert i Åkre bedehus
Høyr dyktige Britt Elise Skram formidle vakre folkemusikktonar i Åkre bedehus!
To framføringar à 30 minutt på dei oppsatte onsdagane; kl. 11.00 og kl. 13.00.
8 jul., kl. 09:00 – 11:30
15 jul., kl. 09:00 – 11:30
5 aug., kl. 09:00 – 11:30
12 aug., kl. 09:00 – 11:30

Skram er folkemusikar med fele som hovudinstrument. Ho har dei siste 20 åra jobba som kulturskulelærar og frilansmusikar.
Skram er aktiv i folkemusikkmiljøet i Møre og Romsdal, men er også ein godt kjent spelemann i resten av landet. Ho er mellom anna kjent for god dansetakt, spretne springarar og rundvalsar som rullar bortover golvet.
Viti har hatt glede av hennar spel og kunnskap både som innleidd på fagdag, konsertar, prosjekt og i skuleformidling.
DATO: 8. juli, 15. juli, 5. august og 12. august
TID: 11.00 - 11.30 og 13.00 - 13.30
STAD: Åkre bedehus
INNGANG:
Konserten er inkludert i inngangsbilletten til museet.
Vaksen kr 120
Student kr 100
Barn og unge (18 år) gratis
Fri inngang med Årskort
TILGJENGELEGHEIT: Åkre bedehus har ikkje universell tilkomst.
