Folkemusikkarkivet
Folkemusikkarkivet – Volda
Purppuri med Jorun Marie Kvernberg - dansekonsert i Volda
Eit stjernelag av nordiske folkemusikarar går saman om å revitalisere musikk frå 1700-talets notenedskrifter.
25 okt., kl. 16:00 – 18:00
Purppuri!
Esko Järvelä frå Finland, Mads Kjøller Henningsen frå Danmark, Johan Hedin frå Sverige og Voldas eigne Jorun Marie Kvernberg byr på fengande dansemelodiar i tett og drivande samspel!Det er rom for å oppleve konserten både som sitjande lyttar og som utforskande dansar! Me byr på rilar, valsar, reinlender, polska og rekkedansar.
Dansekonserten er ein del av "Kursdag og dansefest i Volda":
https://www.facebook.com/events/1984574012222519
Esko Järvelä og Jorun Marie Kvernberg held også eit spelkurs for vidarekomne tidlegare på dag. 500,- for vaksne og gratis for ungdom. Ta kontakt med jorun@kvernberg.com om interessert.
Dansekursa er gratis (men ein må melde seg på)
_______________________________________________________
Purppuri på YouTube:
https://youtu.be/4cTSbhy6d_o?si=47MWszUxeHTlEQrF
OM PURPPURINår gulna papir med krusedullar i blekk kjem musikarane i Purppuri i hende, får utøvarane stjerner i augene, kribling i fingrane og dansefoten vippar oppildna. Det er nordiske notenedskrifter frå 1700-talet som fengjer og engasjerer denne gjengen. Sjeldan høyrer ein slåttar frå Napoleons dagar svinge så kraftig. Velkomne til Purppuri!Namnet Purppuri stammar opprinneleg frå eit potpurri av finske bryllaupsdansar frå 1700-talet. I timesvis kunne desse slåttane samle folk i dans – som ei feiring av både livet og kjærleiken. Purppuri vever slåttane inn i kvarandre. Slik lagar dei lange og uavbrutte økter, og ei stemning som gir publikum høve til å bli dratt inn i flyten – der musikk og dans smeltar saman og fellesskap får vekse utan ord.Purppuri var opprinneleg tinga av FolkOrg til opninga av Folkelarm i 2025.Esko Järvelä - bratsj, tenorgitar
Johan Hedin - oktavnøkkelharpe
Jorun Marie Kvernberg - feler, hardingfele
Mads Kjøller Henningsen - fløyter, sekkepiper
_________________________________________________________
Om dansekursa:Velkomne til å delta på eitt eller fleire av desse kursa:
- Swingkurs med Yngve Vadstein
- Kurs i polkavarianten "hamborgar" med Asbjørg og Arne Sølvberg
- Dansekurs for unge vaksne med Ida Beate Løken
- Dansekurs for familiar (1.-3. klasse) med Solveig Brekke Hauknes
- Dansekurs for born (4.-9. klasse) med Solveig Brekke Hauknes
- Spelkurs med Esko Järvelä og Jorun Marie Kvernberg
Dansekursa er gratis. Meir informasjon om kursa med tidspunkt, stad, påmelding osb. kjem seinare.
Billett i døra (Vipps/kontant) - kr 250 for vaksne.
Gratis for alle kursdeltakarar og for alle barn.
Arr: Øyrafolk og Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal

