Sunnmøre museum
Sunnmøre museum – Ålesund
Foredrag: Per Ratvik. Odelsgut, Linge-mann og krigskronikør!
Sunnmøre Museumslag ønskjer velkomen til søndagsforedrag ved Oddbjørn Hofseth.
27 sep., kl. 11:00 – 12:00
Per Ratvik frå Ratvika gjekk frå å vere gardbrukar utan militær bakgrunn til å bli motstandsmann og soldat i Kompani Linge under den andre verdskrigen. Etter teneste i Nortraship i London deltok han i hemmelege oppdrag i det okkuperte Noreg.
Etter krigen flytta han til Oslo, der han arbeidde med kultur, media, film, journalistikk og litteratur. Samstundes sette krigen djupe spor. Alvorlege helseplager førte til eit sterkt engasjement for krigsinvalidar, og han døydde berre 43 år gammal.
OM FOREDRAGSHALDAREN
Foredragshaldar og historikar Oddbjørn Hofseth er grandnevøen til Per Ratvik.
Gjennom meir enn ti år har Hofseth bygd opp eit omfattande arkiv etter grandonkelen, og arbeider no med ein biografi om han:

Linge-boka med propaganda-gjengen. Den andre verdskrigen førte med seg ein heilt ny type krigføring, som gjorde at ein trong ein ny type soldatar. Her ser vi Kompani Linge-soldatar (i sivil!) som førebur propaganda-materiell i UK som skal sendast til det okkuperte Noreg.

Korleis var det å bu og leve i London under og etter den andre verdskrigen? Per Ratvik frå Ålesund/Borgund var hausten 1945 korrespondent for Sunnmørsposten i London, og skreiv om opplevingane han hadde i London i den nære etterkrigstida, og samanlikna desse med livet han levde i krigsåra i verdsmetropolen.
Desse reportasjane gir eit unikt innsyn den nye situasjonen Storbritannia og Europa stod i etter den andre verdskrigen, som kanskje var litt annleis enn vi trur i dag.

Linge-soldatar som var på oppdrag i det okkuperte Noreg hadde strengt forbod mot å føre dagbok. Då Per Ratvik låg i skjul på oppdrag i Fjordane, førte han likevel ein kryptisk 7. sans som gir eit mystisk og uforståeleg innsyn i kvardagen som commandosoldat som jobba i det skjul for okkupasjonsmakta.

Kor nært kan ein gå? Når ein jobbar med familiehistorie og biografi kan ein fort komme opp i etiske problemstillingar. Skriftlege kjelder kan gi innsyn i detaljar av særs privat karakter, og der ein som biograf kan ende opp med å raudme og lure på om ein har rett til å lese slike kjelder.
Under foredraget høyrer du også om problemstillingar rundt arbeid med privatlivet når ein jobbar med biografisk materiale.
Tid og stad: Søndag 27. september kl. 13.00 på Sunnmøre museum
Inngang: kr. 100
Gratis for medlem i Sunnmøre Museumslag
TILGJENGELEGHEIT:
Universell tilkomst til foredragssalen i hovudbygget. HC-parkering ved inngangen.
