Møbelmuseet

En utstilling av moderne stoler og møbeldesign i en lang museumskorridor med trespiler og spotlys i.

Møbelmuseet – Sykkylven

Omvising  møbelsoga

Gjennom utstillinga “Ver så god, sit!” inviterer vi deg med på ei reise gjennom hundre år med sunnmørsk møbelsoge.

Det byrja på Stranda i 1908 med eit kurs i korgfletting, og har sidan halde fram med produksjon av møblar for verdsmarknaden. 

Tematikken vert illustrert med møblar, bilete, produksjonsutstyr, halvfabrikata og ulike materialtypar. 

Korleis kunne det skje at ein utkant i Noreg, Sunnmøre, som mangla viktige råvarer, og var langt unna marknadane, kunne utvikle seg til å bli den fremste møbelproduserande regionen i landet?

Det søkjer vi å gje svar på gjennom den faste utstillinga ved Møbelmuseet. Vi fortel om den første spede starten med framstilling av korgvarer som nykonfirmerte gutar gjekk i gang med tidleg i det førre hundreåret. Dei vann fram med solide og rimelege varer laga på ein rasjonell og effektiv måte, men utan maskiner.

Etter kvart fekk dei råd til å skaffe seg trearbeidande maskiner, og på same tida kom den lokale kraftproduksjonen i gang. Då kunne dei gå over til framstilling av tyngre møblar med trerammer. 

Etter krigen kom nye materialar i bruk, som plastskum og laminat. Desse materialane forenkla møbelproduksjonen mykje, og bidrog til at denne ferdigvareindustrien greidde seg godt i Noreg, medan andre meir arbeidskrevjande produksjonar, som sko- og tekstilindustrien, vart flagga ut av landet. 

I tillegg til den faste utstillinga som viser hovudtrekka av sunnmørsk stoppmøbelsoge dei siste hundre åra, har vi i dei same lokala ei utstilling som viser nokre av dei mest kjende designsuksessane i den norske møbelsoga.

Vi har også ei utstilling med miniatyrmøblar som viser høgdepunkt i internasjonal møbelformgjeving. 

Møbelmuseet har også skiftande utstillingar der vi set ekstra søkelys på særskilde modellar eller designarar. Døme på slike utstillingar er jubileumsutstillinga om Ingmar Relling (2020) og Stressless-stolen (2021). 

  • Stad: Møbelmuseet, Storgata 18, 6230 Sykkylven
  • Når: Heile året
  • Tid: Om lag 60 min
  • Antal: Grupper inntil 20 personar

    Omvisinga tek om lag 60 min

Pris:

  • Kvardagar før kl. 16.00: Kr 2 000
  • Kvardagar etter kl. 16.00: Kr 4 000
  • Helg: kr 5 000