Naturmuseet

Poteter, kål, bær og frukt var viktige bidrag til hushaldet, og kunnskapen om dyrking og lagring vart overført mellom generasjonar. I dag er mykje av denne kunnskapen i ferd med å gå tapt, samstundes som beredskap og matforsyning igjen har blitt aktuelle tema.

Gjennom lokalhistoriske glimt, kulturlandskap og eigne erfaringar frå Haavardgarden ser Roger Furset og Jan Håkon Vikane nærare på kva rolle kjøkkenhagen har hatt gjennom historia, og kva rolle han kan få i framtida.

Foredraget kombinerer historie, naturkunnskap og praktiske erfaringar frå dyrking av matvekstar.

Dato: Onsdag 11. november kl. 19.00-21.00

Stad: Naturmuseet

Foredragshaldar: Roger Furset og Jan Håkon Vikane

Inngang:

Vaksen kr 80

Student kr 60

Barn gratis

Viti årskort er gyldig på dette arrangementet!

Ønskjer du å kjøpe Viti årskort?
Pris kr400. Kortet er personleg, gjeld ein vaksen og er gyldig eitt år frå dato til dato. Les meir og kjøp Årskort her!

Tilgjengelegheit: Naturmuseet har universell tilkomst til utstillinga.

Arrangør: Naturvennene og Naturmuseet