Møbelmuseet
Møbelmuseet – Sykkylven
Møbelprat med Eldar Høidal
Eldar Høidal, historikar og konservator NMF, har gjennom mange år vore sentral i arbeidet med å dokumentere og formidle norsk møbelhistorie gjennom si stilling ved Møbelmuseet i Sykkylven. For å markere at han snart går av med pensjon, inviterer vi til ein samtale mellom Høidal og kunsthistorikar og avdelingsdirektør i Viti, Benedikte Holen.
15 okt., kl. 17:00 – 19:00
Samtalen tek utgangspunkt i møbeleventyret på Sunnmøre. Dei to vil snakke om møbelindustrien, designarane og handverket, om etableringa av Norsk Møbelfaglig Senter og ambisjonane som låg til grunn for dette og museet slik det er i dag. Høidal har vore med heile vegen, og han vil fortelje om korleis kunnskapen om historia har blitt samla, dokumentert og formidla gjennom utstillingar og andre faglege prosjekt opp gjennom åra.
Dyktige musikarar frå veneforeininga til museet med fleire bidreg til å setje stemninga for kvelden, og det blir mogleg å sjå utstillinga Frå stein til sittemaskinar som opna før sommaren.
Gratis og ope for alle – velkomen!
Møbelprat med Eldar Høidal
15.oktober kl 19.00
Møbelmuseet i Sykkylven
