Folkemusikkarkivet

Velkomne til å delta på eitt eller fleire av desse kursa:

Dansekursa er gratis, spelkurset koster 500kr per person.

Meir informasjon om kursa med tidspunkt, stad, påmelding osb. kjem seinare.

Kl. 17.00 vert det dansefest på Uppheim med Purppuri!
Billettar: 250kr for vaknse (gratis for kursdeltakarar og alle born)

Purppuri!

Når gulna papir med krusedullar i blekk kjem musikarane i Purppuri i hende, får utøvarane stjerner i augene, kribling i fingrane og dansefoten vippar oppildna. Det er nordiske notenedskrifter frå 1700-talet som fengjer og engasjerer denne gjengen. Sjeldan høyrer ein slåttar frå Napoleons dagar svinge så kraftig. Velkomne til Purppuri!Namnet Purppuri stammar opprinneleg frå eit potpurri av finske bryllaupsdansar frå 1700-talet. I timesvis kunne desse slåttane samle folk i dans – som ei feiring av både livet og kjærleiken. Purppuri vever slåttane inn i kvarandre. Slik lagar dei lange og uavbrutte økter, og ei stemning som gir publikum høve til å bli dratt inn i flyten – der musikk og dans smeltar saman og fellesskap får vekse utan ord.Purppuri var opprinneleg tinga av FolkOrg til opninga av Folkelarm i 2025.Esko Järvelä - bratsj, tenorgitar
Johan Hedin - oktavnøkkelharpe
Jorun Marie Kvernberg - feler, hardingfele
Mads Kjøller Henningsen - fløyter, sekkepiper

Arrangør av kursa og konserten er: Øyrafolk, "Dansekurs for unge vaksne" og Folkemusikkarkivet i Viti

  • 11:30-13:30 – Dansekurs tema: Swing med Yngve Vadstein på Uppheim

  • 12:30-14:00 - Dansekurs for born (4.-9. klasse)med Solveig Brekke Hauknes på Kulturskulen (Amfi)

  • 13:00-15:00 – Spelkurs tema: Norden med Esko Järvelä og Jorun Marie Kvernberg på Uppheim

  • 14:00-15:00 – Dansekurs tema: Hamborgar med Asbjørg og Arne Sølvberg på Uppheim

  • 15:00-16:15 - Dansekurs for familiar (1.-3. klasse) med Solveig Brekke Hauknes på Kulturskulen (Amfi)

  • 15:00-16:30 - Dansekurs for unge vaksne med Ida Beate Løken i Konsertsalen på Høgskulen
Kursdag med folkedans og folkemusikk i Volda — Viti — Viti