Sunnmøre museum

Wrap med ville vekstar framfor personar som lagar mat over bål.

Sunnmøre museumÅlesund

KRISE-MASTERCHEF: Klarer du å redde middagen?

Kva gjer du dersom straumen går, butikkhyllene er tomme, og det einaste du har att i kjøleskapet er ei slapp gulrot og noko som syng på siste verset?

TREVL inviterer til Krise-MasterChef: RE her på museet. Dette er eit sosialt, kreativt og litt sprøtt lynkurs i kulinarisk sjølvberging og restematmagi.

29 jun., kl. 16:00 – 18:00

Dette skjer:

Sankesafari:
Finkjemming av museumsområdet på jakt etter etande ville vekstar, ugras og blomar

Fermentering og tørking:
Lær den raskaste vegen til å redde triste restegrønsaker frå butikken

Kveldens utfordring:
Laget ditt får ei Mystery Box med «krise-ingrediensar» som eigentleg skulle vore kasta. Kven klarer å lage kveldens råaste gourmetmåltid av skog og skrap?

Vi et middag saman

Di hemmelege oppgåve:
For å gjere det ekstra spennande, må alle ta med éin ingrediens heimanfrå som er i ferd med å gå ut på dato.

Klarer de å bruke han i krisemiddagen – og vinne dommarane sine hjarte?

Dato: Måndag 29. juni
Tid: Kl. 18.00–20.00
Stad: Sunnmøre museum

Ta med ein ven du gjerne ville overlevd ei matkrise saman med – og bli med!

Deltaking: Heilt gratis, originalt og lågterskel!


Tilgjengelegheit: Arrangementet er ikkje universelt tilgjengeleg

Foto: TREVL