Sunnmøre museum

Sunnmøre museumÅlesund

Kreativ kveld: Lær å trylle med Polymer Clay!

Har du lyst til å kople av frå skjermen og skape noko med hendene?

Då blir du med på ein kjekk og nybyrjarvennleg workshop med Polymer Clay, leia av dyktige Martyna Jaskiewicz!

Gratis deltaking - avgrensa plassar!
Klikk på “Kjøp billett” og meld deg på:

26 aug., kl. 15:30 – 17:30

Dette er eit lågterskelkurs for deg som vil lære grunnleggjande teknikkar i forming med leire. Du lærer å lage alt frå søte små figurar til unike, dekorative gjenstandar du kan ta med deg heim.

Du treng ingen forkunnskapar – vi stiller med alt av utstyr og god stemning!



Om instruktør Martyna Jaskiewicz
Workshopen blir leia av Martyna Jaskiewicz. Martyna har utdanning innan kunst og handverk med spesialisering i leire. Ho brenn for å skape eit trygt og inspirerande rom der alle kan kjenne på meistringsglede, uansett utgangspunkt!

Sjekk ut det fantastiske arbeidet hennar på Instagram og nettsida hennar.

PRAKTISK INFORMASJON:

Når: Onsdag 26. august kl. 17.30-19.30

Oppmøte: Åkre bedehus

Språk: Workshopen går føre seg på både norsk og engelsk

Pris: Gratis, men krev påmelding grunna eit avgrensa tal på plassar! Påmelding gjer du her!

Tilkomst: Det er ikkje universell tilkomst til Åkre bedehus

Arrangementet er ein del av Trevl-prosjektet «Ung Mestring», i samarbeid med Sunnmøre museum.