Sunnmøre museum

Sunnmøre museumÅlesund

Kom deg ut-dagen på Sunnmøre museum!

Kom deg ut-dagen er DNT sin nasjonale turdag! Du får ein smakebit av friluftslivet som forhåpentlegvis gjev meirsmak.

6 sep., kl. 09:00 – 12:00

Denne dagen har vi samla mange friluftslivsorganisasjonar som inviterer til mange og varierte aktivitetar for barn og vaksne. Det er gratis å delta, og det er ikkje nødvendig med påmelding.

Ta med familie og vener og KOM DEG UT!

Friluftsdagen er òg ein del av Ålesund Gatefestival, som går frå torsdag til søndag.

Sunnmøre Museum er eit vakkert friluftsområde som blir mykje brukt til både opplevingar og rekreasjon. Denne søndagen kan du møte mange ulike organisasjonar som arbeider med friluftsliv og fysisk aktivitet. Dette blir tilrådd for barn i alle aldrar i følgje med vaksne.

Kaféen på Sunnmøre Museum er ope frå 10-17.

Sjølvaste Turbo fjellrev, maskoten vår, kjem innom for å helse på.

Museumsområdet er ope og tilgjengeleg denne dagen. Aktivitetane startar kl. 11.00 og blir avslutta kl. 14.00. Du kan kome når du vil og vere så lenge du ønskjer.

Adkomst

Det er avgrensa med parkering, så vi tilrår at flest mogleg går, syklar eller tek bussen hit.

Ta med

  • Kle deg etter vêret.
  • Ta med tallerken, kopp og bestikk, så slepp vi unødvendig avfall.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Dato: Søndag 6. september kl. 11 -14

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Program:

Foredrag på Bedehuset

Om lag 100 plassar, så ver ute i god tid!

Kl. 12.00: Friluftseventyr med barn, ved familien Balling
Kl. 13.00: Opplev Tafjordfjella med barn, ved Laura og Trude Blankholm

Konsert i amfiet

Kl. 12.00: Konsert med koret Perlyna
Kl. 14.00: Friluftsjazz med Jazzsirkelen

Aktivitetar

  • Prøv robåtane på Sunnmøre Museum
  • Bli med på Turbo-jakt. Finn du alle Turboane?
  • Bli med Turbokokkane og lag verdas beste grønsakssuppe!
  • Prøv SUP ved DNT-naustet i Nørvasundet
  • Soppkontroll med Sunnmøre Sopp- og nyttevekstforeining
  • Open gard og dyrekos på Borgund Dyreklubb
  • Padle kano
  • Få tips om førstehjelpsutstyr frå Ålesund Røde Kors
  • Lær folkedans med UL Ivar Aasen
  • Turløype med steinar og geologi saman med Ålesund og Omegn Geologiforening
  • Delta på natursti og ver med i trekkinga av premiar
  • Prøv fridykking med Frivannsliv
  • Lær å hogge ved