Sunnmøre museum

En gul kantarell vokser opp gjennom vissent løv og grønne blader på skogbunnen.
En liten hvit sopp vokser mellom mose og gress på skogbunnen.

Sunnmøre museum – Ålesund

Gratis soppkontroll

Sunnmøre sopp- og nyttevekstforening ønskjer velkomen til gratis soppkontroll for alle som ønskjer å få sjekka soppfangsten sin. 


Kvar søndag i tida 16. august - 11. oktober kl. 15-17

16 aug. – 11 okt. 2026

Dei som held soppkontrollen har tatt eksamen for soppsakkyndige og er sertifiserte soppkontrollørar.

Kontrolløren går gjennom korga di - sopp for sopp, og fortel om namn, kjenneteikn og forvekslingsartar. Målet er at det du tar med heim er god og trygg mat og at du blir inspirert til å ta deg ein ny tur i soppskogen.

HUSK:
- Legg ulike soppar du ikkje veit kva er kvar for seg, gjerne i papirposar eller fruktbeger / jordbærkorger. Då er det meir sikkert at du ikkje blandar giftsopp og matsopp.
- Sopp treng oksygen! Unngå derfor å plukke sopp i plastposar.

PÅ KONTROLLPOSTEN:
- Møt ein utdanna soppkontrollør som sjekkar om soppen din er trygg å ete eller giftig
- Sjå utstilling av sopp frå nærområdet
- Få brosjyrar og informasjon om sopp, nyttevekstar, artsmangfald, sanking og matlaging

Tid: Kvar søndag i tida 16. august – 11. oktober kl. 15-17

Stad: Ved hovudbygget til Sunnmøre museum

Tilgjengelegheit: Universelt tilgjengeleg

MERK! Kontrollen blir avlyst ved dårleg vêr eller svak soppsesong.


Arr.: Eit samarbeid mellom Sunnmøre sopp- og nyttevekstforening og Sunnmøre museum.