Sunnmøre museum

Sunnmøre museum

Foredrag: Spor etter dei første Sunnmøringane

Sunnmøre museumslag ønskjer velkomen til søndagsforedrag med Astor Furseth.

29 nov., kl. 16:00 – 17:00

Forfattar, lokalhistorikar og skredhistorikar Astor Furseth tek oss med på ei reise i tid i Tafjordfjella. I eit av dei store fjellområda i Sør-Noreg, finn ein spor etter den tidlegaste menneskelege aktiviteten i norske høgfjell. I Tafjordfjella, som eit av dei første isfrie områda etter siste istid, er det til no registrert meir enn tre tusen kulturminne.

På Fetegga ved Tafjord er det gjort funn som har ført til oppsiktsvekkande resultat. Det vil endre forståinga av høgfjellet si rolle i norsk historie.

TILGJENGELEGHEIT:
Universell tilkomst til foredragssalen i hovudbygget. HC-parkering ved inngangen.

Tid og stad: søndag 29. november kl.17.00 på Sunnmøre museum
Varigheit: Kring ein time
Inngang: kr. 100
Gratis for medlemar i Sunnmøre Museumslag