Sunnmøre museum

English

Lukk

Aktuelt

Arrangement

Frivilligheit

Formidling

Heim

Kontakt

Kunnskap

Musea våre

Samarbeid

Utleige

Utstillingar

Kva ser du etter?

Om oss

Lukk

Sunnmøre museum – Ålesund

Foredrag: Buholmen – ålesundshistorie under asfalten og på museum

I samarbeid med Sunnmøre Museumslag ønskjer vi velkomen til spanande foredrag ved Ingvil E. Grimstad, historikar og fagdirektør i Viti.

Grimstad tek oss med på ei reise gjennom bydelen Buholmen si historie: frå dei første husa, eit tragisk forlis, bybrannen, draumen om Amerika, julefeiring, hestekrefter under panseret og eit lass med asfalt.

Og heilt til slutt, ei kronglete reise til Sunnmøre museum.

27 Apr, kl. 11:00 – 12:00

På Sunnmøre museum står eit kvitt trehus - Dybhuset. Huset er frå Buholmen, ein bydel i Ålesund som forsvann med utbygginga av innfartsvegen i 1978.

Buholmen fekk sine første innbyggarar på 1830-talet. Dei fleste kom frå bygdene, og var med på den veldige ekspansjonen av kystbyen Ålesund. Det vart 150 år med levde liv som no er omkransa av tidskapselen, og som også er ei forteljing om byen og Noreg.

Foredraget er basert på ei artikkelsamling om Buholmen, som no er gitt ut i bokform. Boka, «BUHOLMEN - Ålesundshistorie under asfalten- og på museum» er til sals i museumsbutikken frå 12. april.

Det vert boksignering av forfattaren og moglegheit til å ta turen innom Dybhuset.

Tid: Søndag 27. april kl. 13-14

Inngang: Kr 100. Gratis for medelemmer i Sunnmøre museumslag

Merk! For deg som medlem i Sunnmøre Museumslag:
Styret ønskjer velkomen til Årsmøte i etterkant av foredraget, kl. 14.15