Sunnmøre museum
Sunnmøre museum – Ålesund
Førjulssøndag på Sunnmøre museum
Julebakst, julesong, juleverkstad, julelys! Tradisjonen tru ønskjer vi velkomen til ein stemningsfylt førjulssøndag i hus og tun.
Inkludert i billetten får du vere med på mange kjekke og lærerike førjulsaktivitetar!
6 des., kl. 11:00 – 15:00
Bak peparkaker og potetkaker, smak på tradisjonbakst og nyt ein kopp varm gløgg.
Dypp stearinlys, lag julehjarte, kubbenissar, julekorger og perlehjarte.
Snekre småbåt, slå båtnaglar og prøv smikunsten. Høyr spanande eventyr, løys rebus og mykje meir!
I Åkre bedehus går vi rundt juletreet med song og musikk.
Torader i Nordvest fyller Yttarlandstova med lystige tonar og vi får besøk av stjernejenter og stjernegutar frå Steinerskulen – med lys, lykter og vakker song.
På området finn du små buder med sal av alt frå pleiande kremar og urtesåper til vakre dekorasjonar og flotte saueskinn.
Og innimellom - ta ein pust i bakken i stemningsfylte Ytterlandstova med ein kopp kaffi, ei lun svele eller ein nysteikt vaffel.
I museumskafeen har vi nydeleg rømmegraut, smakfulle pølser, søte kaker og nysteikte sveler, varm kakao og nykverna kaffi!
Velkomen til ein aktivitetsrik og kjekk førjulssøndag for heile familien!
Tid: Søndag 6. desember kl. 12 - 16
Inngang:
Vaksen kr 150
Barn (3-18 år) kr 100
Ledsagerbevis fri inngang
Viti årskort er gyldig på dette arrangementet
Alle aktivitetane er inkludert i billetten!
KJØP BILLETT HER
Tilgjengelegheit:
Sunnmøre museum har universell tilkomst i utstillingane i hovudbygget, båthallane, museumskafeen og museumsbutikken.
Det er HC-parkering ved inngangen og tilrettelagt for rullestol i uteområdet ved hovudbygget og kaia. Trillefast grus og asfalt i delar av friluftsmuseet.
Fjordmannstova er universelt tilgjengeleg. Dei øvrige antikvariske bygningane i friluftsmuseet er ikkje universelt tilgjengelege.
Foto: Oddgeir Visnes
Foto: Viti









