Brudavolltunet
Brudavolltunet – Ørsta
Førjulssøndag på Brudavolltunet
Store og små er hjarteleg velkomne til Brudavolltunet søndag 29. november! Denne dagen blir tunet fylt med førjulsglede, aktivitetar og god stemning for heile familien.
29 nov., kl. 11:00 – 14:00
Bli med på rebusløype og bli betre kjend med garden, lag lys av bivoks i stova, lag julepynt til å ta med heim, spikk din eigen julenisse i eldhuset og smi sverd i smia.
Det blir også trekkspelmusikk i stova.I driftsbygningen kan du kjøpe kaffi, julekaker og spesialitetar frå Brudavollen.
For dei minste blir det eventyrstund i kårstova, og du kan handle honning og andre fine handverksprodukt frå lokale utstillarar.
Viti og Ørsta Bygdemuseumslag gler oss til ein koseleg førjulsdag saman med deg på Brudavolltunet!
Dato: Søndag 29. november kl. 12.00-15.00
Stad: Brudavolltunet
Inngang:
Vaksen 80,-
Barn 30,-
Ledsagerbevis fri inngang
Viti årskort er gyldig på dette arrangementet
Tilgjengelegheit
Brudavolltunet har universell tilkomst til administrasjonsbygget og HC toalett.
Dei antikvariske bygningane i tunet er ikkje universelt tilgjengelege.
Brungotvegen 155
Sjå kart →



