Fiskerimuseet
Fiskerimuseet – Ålesund
Familiedagen i Molovegen
Velkomen til Fiskerimuseet under Høstscena sin familiedag i Molovegen!
20 sep., kl. 10:00 – 13:00
Under familiedagen er det gratis inngang på museet, og vi har fleire aktivitetar for både store og små.
Familieomvising
Bli med på ei morosam og lærerik familieomvising i utstillinga. Omvisinga varer i om lag 30 minutt. Det er 20 plassar per gruppe, med omvisingar kl. 12.30, 13.30 og 14.30. Det er inga påmelding, vi fyller opp gruppene med dei som møter opp. Førstemann til mølla!
Aktivitetsløypa «Hamneinspektøren
Bli med på oppdagingsferd rundt museet og langs Moloen! I aktivitetsheftet «Hamneinspektøren» finn du ulike oppgåver og enkle aktivitetar som heile familien kan prøve seg på.
Familieverkstad i 2. etasje
I verkstaden kan de kose dykk med ulike aktivitetar: Brett dykkar eigen papirbåt, ta ein pause i lesekroken, prøv dykk på ulike knutar på knutebenken eller bygg eit putefyrtårn.
Vi ønskjer små og store velkomne til ein kjekk familiedag på Fiskerimuseet!
Dato: Søndag 20. september kl. 12 - 15
Stad: Molovegen
Arrangør: Høstscena og Fiskerimuseet
Tilgjengelegheit: Fiskerimuseet held til i den antikvariske bygninga Holmbua. Utstillingane er ikkje universelt tilgjengeleg.
