English

Lukk

Aktuelt

Arrangement

Frivilligheit

Formidling

Heim

Kontakt

Kunnskap

Musea våre

Samarbeid

Utleige

Utstillingar

Kva ser du etter?

Om oss

Musea

Arrangement

Utstillingar

Formidling

Lukk

Aktuelt

 Vi søker utstilling- og samlingskoordinator i avdeling for kunst

Stiftinga Viti er den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Museet er ein profesjonell vitskapleg institusjon med i overkant av 60 tilsette og mange frivillige. Viti er organisert i 3 museumsfagavdelingar; kulturhistorisk avdeling, avdeling for samlingsforvaltning og avdeling for kunst. I tillegg kjem administrasjonsavdelinga. Viti si kunstavdeling rommar kunst, arkitektur og design frå slutten av 1800-talet og fram til vår eiga samtid. Gjennom eit spissa og eigenprodusert utstillings- og arrangementsprogram skal Jugendstilsenteret og KUBE og Anders Svor-museet vere levande og aktuelle arenaer for visuell kunst. Kunstavdelinga produserer 3-5 temporære utstillingar i året.

Viti har ledig eit 100 % vikariat som utstilling- og samlingskoordinator

i avdeling for kunst

Utstilling- og samlingskoordinator har ei sentral rolle i produksjonen og koordineringa av museet sineutstillingar i tett samarbeid med kurator,medrekna praktisk gjennomføring av utstillingane og førebuingane til desse. Den andre delen av stillinga er via til forvaltning av kunstsamlingane. Stillinga rapporterer til fagdirektør kunst.

 Sentrale arbeidsoppgåver 

  • Administrative oppgåver knytt til utstillingsplanlegging og produksjon
  • Ansvarleg for planlegging og gjennomføring av utstillingsmontering, kartlegging av monteringsbehov, avtale med teknikarar
  • Administrere inn- og utlån av kunstverk,forsikring og transport
  • Kostnadsstyring
  • Drift av utstillingar
  • Bevaring, registrering og dokumentasjon av kunstverk
  • Behandle førespurnader frå publikum
  • Digital formidling av museet sine samlingar
  • Organisering av konservering av objekt i samlinga

Vi søker deg som har

  • utdanning på minimum bachelornivå innan relevante fagområde
  • erfaring frå arbeid med utstillingsproduksjon, montering av utstillingar, og samlingsforvalting,
  • god teknisk og digital kompetanse, bruk av InDesign, kjennskap til Primus og Digitalt Museum, og gjerne kunnskap om digital visualisering av utstillingar
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • god kjennskap til kunstfeltet
  • god innsikt i jugendstilen og kunsten rundt forrige århundreskiftet, saman med ei interesse for det regionale kunstfeltet er ein fordel 
  • førerkort klasse B

 Av personlege eigenskapar ønskjer vi oss deg som

  • er nøyaktig, strukturert og løysingsorientert
  • er positiv og samarbeider godt med andre
  • er allsidig og innstilt på å utføre varierte arbeidsoppgåver
  • har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne 

Den som vert tilsett må meistre norsk både skriftleg og munnleg. Begge målformene må kunne nyttast.

Personlege eigenskapar og erfaring blir vektlagt.

Vi kan tilby

  • ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø
  • løn i SK 1434 utstilling- og samlingskoordinator (rådgivar) med aktuell lønsplassering i statens sitt lønsregulativ, i spennet mellom LT 50 og LT 55 (årsløn mellom kr 471500 og 509500) frå kvalifikasjonar, ansiennitet og erfaring.
  • fleksibel arbeidstid og medlemskap i Kommunal Landspensjonskasse med gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonskassa.

Arbeidsstad i Ålesund, men det må påreknast noko reising mellom arenaene i organisasjonen.

Søknadsfrist: 20. november
Varighet for vikariatet: 12 mnd frå medio februar 2023

Send en søknad med CV til post@vitimusea.no
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju og vi ønskjer då referansar, vitnemål og attestar.

Merk søknaden «avdeling for kunst i VITI».

Nærare opplysningar om stillinga

Fagdirektør kunst, Benedikte Holen, benedikte@vitimusea.no, +4797681666

Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Diforynskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv. Har du ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg og til å søkje. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det.